DEBATT FREDAG: Den tause kampen

ALKOHOL: – Kvifor pratar vi ikkje om alkoholproblem på lik linje som vi pratar om andre livsstilssjukdomar? Det pratast mykje om kosthaldsendring, røykekutt og godterikutt, men lite om alkoholkutt, skriv Liv Nina Wie Hafstad.

ALKOHOL: – Kvifor pratar vi ikkje om alkoholproblem på lik linje som vi pratar om andre livsstilssjukdomar? Det pratast mykje om kosthaldsendring, røykekutt og godterikutt, men lite om alkoholkutt, skriv Liv Nina Wie Hafstad. Foto:

Av
DEL

Meiningar 

Jula er over. Julelysa er slokna og julepynten ligg godt ned pakka. Nytt år er her, med nye moglegheiter, men også utfordringar. Utfordringar som ein pratar om, og også utfordringar som blir halde hemmeleg fordi fasaden er så viktig for mange, men kor viktig? Så viktig at du set din eigen tilfriskningsprosess på vent fordi du er redd for kva naboen og andre vil sladre om?

Nyttårsforsett som å slutte å røyke/snuse, ete sunnare, trene meir, etc. Vi har vel alle vore der, eller er der. Vi pratar om det. Vi prøver og endre oss. Redsel for livsstilssjukdom ligg i hovudet på mange, men har ein tendens å bli liggande godt bevart der heilt til nokon blir ramma, enten det er ein sjølv eller nokon ein kjenner og bryr oss om.

Kanskje har du lagt merke til at eit nyttårsforsett, som å redusere eit alkoholforbruk som er kome ut av kontroll, ikkje vart nemnt ovanfor. Det blei gjort med vilje, for eit alkoholproblem er ikkje eit tema befolkninga vil prate høgt om. Derfor den tause kampen.

Kvifor pratar vi ikkje om alkoholproblem på lik linje som vi pratar om andre livsstilssjukdomar? Det pratast mykje om kosthaldsendring, røykekutt og godterikutt, men lite om alkoholkutt. Det blir halde kurs innanfor desse tema, men ikkje alkoholavvenningskurs. Det kviler ein tausheit over befolkninga som er ganske merkeleg. Kva er det vi skammar oss over? Vi lever i 2019 og det er blitt mykje meir openheit på mange område, men alkoholproblem er enda svært tabubelagt.

Innlegget handlar ikkje om forbod og fanatisme, men korleis bruk av eit heilt lovleg rusmiddel, som alkohol, kan utvikle seg om ein ikkje ser (eller ikkje vil sjå) faresignala i tide. Redselen for fordømming, stigmatisering og ikkje minst skam, er sterk. Nordmenns alkoholvaner har endra seg mykje dei siste 25 år.

Dei fleste handterer alkohol greitt, men bruken har auka, tilgangen har auka, aksepten for når og kor ein kan bruke alkohol har auka, og ikkje minst synlegheit av dette er over alt, det vere seg i sosiale, kulturelle eller idrettsarrangement. TV-kanalar overgår kvarandre med koseprogram der alkohol er med. Denne utviklinga tilseier at det vil vere fleire som får ein konsekvens av bruken.

Har du bekymra deg over ditt eige eller andre sitt alkoholforbruk? Har du lurt på kor mange av disse «håplause alkoholikarane» er? Dei er midt iblant oss. Nokre gonger synlege, men som oftast usynlege. Dei skjuler seg bak fasaden. Dei fleste er slike som eg var, eit heilt vanlege menneske med eit heilt vanleg liv, mange i jobb inntil dei mister kontrollen og rusen tek over. Eg var ganske sikker sjølv at eg aldri skulle få eit alkoholproblem. Det var ingenting som tilsa at eg skulle få det heller, veldig lenge. Det er det som er så skummelt med alkohol. Avhengigheita snik seg inn og rusen er begynt å krevje når ein forstår kva som skjer.

Ca. 10 prosent av vaksne i Norge drikk på ein måte som medfører stor risiko for helseskade og avhengigheit (alkoholisme). Eg var ein av desse. Normalforbruket var der lenge, men ein stad i førtiåra skjedde det utfordringar som gjorde at alkoholbruken min auka. Først i ein alder av femti erkjente eg alkoholproblemet mitt.

Eg jobba hardt og hadde vilje til å redusere bruken, men viljen til å slutte med kosen var der ikkje. Den ville eg gjerne behalde. Det var flukt og sjølvmedisinering, som kom i periodar, som skulle vekk. Eg klarte rett og slett ikkje forstå at eg hadde dratt alkoholproblemet så langt at det hadde utvikla seg til alkoholisme.

– Først då eg kom til Valdresklinikken kom aksepten på at eg aldri meir kunne bruke alkohol til kos. Eg tolte det ikkje lengre, skriv innsendar.

– Først då eg kom til Valdresklinikken kom aksepten på at eg aldri meir kunne bruke alkohol til kos. Eg tolte det ikkje lengre, skriv innsendar. Foto:

Eg gjekk til ruskonsulent, skreiv bok om problemet, heldt foredrag på fylkets forum for rus og psykisk helse og A-dagane til rus ettervernet, men mitt eige rusmisbruk var ikkje under kontroll. Først då eg kom til Valdresklinikken kom aksepten på at eg aldri meir kunne bruke alkohol til kos. Eg tolte det ikkje lengre.

Vi må tore å snakke om alkoholproblem på lik linje med andre livsstilssjukdomar, eller avhengigheits liding, i staden for å lukke auga for ein ubehageleg sanning og eit stort samfunnsproblem: at stadig fleire får problem med alkohol.

Eg skriv denne kronikken for å vise ansikt, for at fleire skal kunne tore å snakke om eit alkoholproblem utan skam. Eg ønsker å bevisstgjere at ein kan bli sjuk, veldig sjuk av alkohol. Når rusen begynner å krevje, er det ikkje lengre ein nytingssjukdom, men ein reell sjukdom som øydelegg relasjonar, økonomi og eit meiningsfylt liv i meistring. Eg trur på openheit som ein kur mot fordomar og stigmatisering. Eg kjem å til å fortsette å synleggjera dei problem eg fekk med alkohol fordi eg ikkje såg faresignala. Eg vart sjuk. Det har eg slutta å skamme meg over.

Så snakk med nokon om du slit med eit alkoholproblem. Det er ikkje snakk om å offentleg gjere det for «heile verda», eller så mykje som eg gjer, men det er ingen tvil om at å setje ord på den tause kampen, eit alkoholproblem, så mistar problemet krafta si. Ikkje skam deg. Gjennom openheit og ærlegdom kan skam finne orda og gjennom orda kan skam finne vegar ut.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags