DEBATT: Det er mykje som er meir morosamt enn ein full kollega

FYLL? Arrangement som handlar om alkohol, og berre det, kan fort bli ekskluderande. Kanskje har de lagt merke til at det ofte er dei same som alltid kjem på julebordet, og dei same som aldri kjem? Er det fordi julebordet alltid blir fuktig, spør innsendarane.

FYLL? Arrangement som handlar om alkohol, og berre det, kan fort bli ekskluderande. Kanskje har de lagt merke til at det ofte er dei same som alltid kjem på julebordet, og dei same som aldri kjem? Er det fordi julebordet alltid blir fuktig, spør innsendarane. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Julebordsesongen er offisielt i gang.Vi børstar støv av paljettkjolen og pussar festskoa. Speler juleklassikarar på anlegget og pyntar kontorlokala til det ukjennelege.Så er det klart for julemat og julesong. Men dessverre ofte også litt for mange juleøl – og hendingar som ein helst skulle ha vore forutan.

Julebordet har lange tradisjonar i Noreg. Det er ein arena for å feire året som er gått, og for å bli betre kjend med kollegaer som ein vanlegvis berre møter ved kaffiautomaten og i møterommet. I julebordsesongen i år ønskjer vi oss leiarar og bedrifter som har eit meir bevisst forhold til korleis alkohol påverkar oss.

Det er ikkje feil å servere litt alkohol. For mange er det ein naturleg del av sosialt samvær. Men alkohol har ein del negative konsekvensar som har fått for lite merksemd i arbeidslivet. La oss nemne nokre av dei.

Alkohol aukar risikoen for seksuell trakassering. Det fekk vi smertefullt erfare i fjor haust, då #Metoo-kampanjen rulla ut over heile verda. Fleire av tilfella som blei trekte fram, hadde skjedd under alkoholpåverknad.

Arrangement som handlar om alkohol, og berre det, kan fort bli ekskluderande. Kanskje har de lagt merke til at det ofte er dei same som alltid kjem på julebordet, og dei same som aldri kjem? Er det fordi julebordet alltid blir fuktig?

Det er ikkje særleg stas. Ikkje for gravide, ikkje for dei som av personlege eller religiøse grunnar ikkje vil drikke, og ikkje for den tørrlagde alkoholikaren som prøver å halde seg på rett kjøl. Dersom dei einaste sosiale tilboda på jobben er fredagspils og fuktige julebord, har ikkje arbeidsgivaren teke ansvar for å skape ein inkluderande arbeidsplass.

Fuktige julebord aukar i tillegg risikoen for skadar, både på sjølve julebordet og på veg heim. Studiar frå Folkehelseinstituttet viser at desember skil seg ut som den månaden der flest pasientar har promille når dei blir lagde inn på akuttmottak.

Målet vårt er ikkje at arbeidsgivarar skal forby alkohol, men at dei skal bli meir bevisste på korleis dei kan skape gode, inkluderande arrangement der alle føler seg velkomne. Då må mange arbeidsgivarar tore å sjå på kva rolle alkoholen speler.

Kor mykje alkohol skal vi servere? Korleis sikrar vi gode alkoholfrie alternativ – ikkje berre den lunkne, alkoholfrie ølen? Korleis sikrar vi at drikkinga ikkje blir det viktigaste? Kva slags aktivitetar skal vi ha som syter for at alle føler seg velkomne og går heim med ei god kjensle?

Vi ønskjer oss julebord som legg vekt på fest, ikkje på fyll.

Då treng vi arbeidsgivarar som er bevisste på dei negative sidene ved alkoholen. Det handlar om å snakke om alkohol på arbeidsplassen og kommunisere tydelege forventingar til tilsette og leiarar. Kanskje julebordet i 2018 skal markere ein ny start i bedrifta: Eit minneverdig julebord utan kjipe fyllehistorier? Hugs: Det er mykje som er meir morosamt enn ein full kollega.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags