Elendige Dalsfjorden spelemannslag!

SPELEGLEDE: Tja, ein kan bli opplyfta til å tru ein er noko, skriv Andreas Ramstad etter responsen då dei spela til dans i Førdehuset.

SPELEGLEDE: Tja, ein kan bli opplyfta til å tru ein er noko, skriv Andreas Ramstad etter responsen då dei spela til dans i Førdehuset. Foto:

Av
DEL

MeiningarSo skjedde det att! Dalsfjorden spelemannslag spelte til dans, denne gongen til Fredagsdansen i Førdehuset 15.02.19.

Dansegolvet var fullt så snart vi hadde låte i oss. Det skjedde opp att, og opp att. Heile tida. Vi bytte på med gammalt og endå eldre, og noko halvgammalt. Fullt golv! Blide dansepar. Gode blikk og nikk til oss. Enkelte kom fram og let vel. Fint! God dansemusikk! Bra!

Og etterpå: Kvifor spelar de ikkje meir til dans? Kan de arrangere noko uti Dale?

Tja, ein kan bli opplyfta til å tru ein er noko. Godt dansespel. Vi er vane med å kome på sisteplass på alle kappleikar. Alle er betre enn oss. Nei, vi er dømde nord og ned, kanskje før vi dreg ein tone. Dette veit vi, og dei fleste av oss er nøgde med det. Men nokre i laget tykkjer dette er leitt. Vi strevar og øver og pussar på låtane før kappleikane, men nei: Ned med Dalsfjorden spelemannslag!

Kva er så god dansemusikk?

Det må vel vere musikk som fenger folk, som vekkjer danselysta, som gjev danseglede. Då har musikken ånd og liv. Om alle tonar er korrekt på plass hjå alle spelarane heile tida, er truleg mindre vesentleg. Dansetakten må vere god, tempoet passeleg, lengda på slåtten like eins, lydstyrken passeleg. Reinlendaren bør ha sprett og valsen flyt, tangoen presisjon osv. Her verkar musikkoppfatning, evner, smak og meining. Vakkert bør det også helst vere.

Vi i Dalsfjorden spelemannslag øver kvar tysdag. Det er triveleg. Stundom læt det bra. Der er ikkje opptakskrav for å få vere med. Den som har lyst å spele med, får lov. Vi har hatt eldre spelemenn som har vore med til helsa sa stopp. Dette kjem nok til fleire. Då er det godt å få vere med så lenge ein sjølv orkar. Og når vi opplever fullt dansegolv og får gode blikk og vellæte, gjev det glede og lyst til å spele på fleire dansetilstellingar.

No skal det også seiast at folk som kjem på Fredagsdansen i Førdehuset, kjem for å danse. Så det er ikkje noko mirakel om golvet blir fullt. Det opplever også andre orkester. Men gildt var det for oss denne gongen. Så får vi heller tole å kome på sisteplass på kappleikar. Elendige Dalsfjorden spelemannslag.

Dette skriv eg på eigne vegner, men vågar å tru at laget stiller seg bak ei takk til arrangørane for at vi fekk spele denne kvelden, de fortener ros for innsatsen dykkar! Og takk til gode dansarar! Godt vi har kvarandre.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags