Minimal radiolytting med DAB+

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL
Så har ein etter kvart måtte innsjå dei innskjerpa tilboda ein har fått ved å lytte på radio.

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Eg trudde det var å sjå framover og få tilgang til endå fleire radiokanalar. Men der tok eg styggeleg feil.I mi bygd har vi fått eit dårlegare tilbod. I sjølve bygda får eg rett nok NRK sine kanalar, men P4, Radio Norge og andre kommersielle kanalar får eg ikkje inn lenger. Såleis høyrer ikkje bygda lenger til der det skal satsast på god infrastruktur. Informasjon via radio er vel i høgste grad ei form for infrastruktur.

Skal eg ta meg ein tur på vegen over Gaularfjellet dett også lokalradioen. I FM bandet si tid var det ikkje problem med radiolytting her. Dette skal vere ein av det mest attraktive turistvegane i landet. Dette området er heller ikkje eit område med tronge dalar og høge fjell. Eit heller ope landskap til Vestlandet å vere.

Eg er spent på kva andre tiltak innan infrastruktur som vert nedprioritert rundt om i bygde Noreg i tida frametter.

Sjølv om det står eit politisk val for døra så er eg slutta å tru på både valløfter og valflesk.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken