DAB, ein tabbe?

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Medan danskane skjøna at skroting av FM-nettet var uforstandig og sløsing med ressursar, var det nokre «kloke hovud» (?) i Noreg som meinte det motsette. 

No står Noreg som einaste land i verda som har avslutta FM for å satse hundre prosent på DAB som digital kringkastingsteknologi.

Millionar av gode FM-radioar står og støvar ned kringom i landet, medan gamle radiolyttarar ikkje kjøper dei nye DAB-apparata i den grad det var forventa.

Mange bilistar køyrer rundt med radio som ikkje lenger kan ta inn «viktig melding» -anten det gjeld veg, føre eller ulykker. Å oppdatere radioen i bilen er ein kostnad som mange ikkje tek. Nye bilar vert leverte med DAB-radio, men det kjem inn klager om at dekninga er for dårleg og at sambandet ikkje fungerer. 

Utanlandske turistar som kjem til Noreg på bilferie, har FM-radio, og for dei er og blir vår DAB-overgang eit problem.

Eg vil gjerne vite kven det var i landet vårt som lanserte og sytte for gjennomføring av DAB-stuntet. Om det var kommersielle interesser bak, bør dette kome fram i lyset.

Den som veit, må snakke ut! Det er ikkje for seint å snu. Og dei ansvarlege for fiaskoen bør gjerast økonomisk ansvarleg. For min eigen del, det blir ikkje kjøpt DAB-radio. Eg oppdaterer meg på nettet, men kosen med musikk til arbeidet er eit sakn!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken