Uforståeleg DAB-innføring

Av
DEL

Lesarbrev

Vårt land står no snart som einaste DAB-land i Europa. Irland melder «pass» og vil ha FM som einaste riksdekkande kanal. Sveits har tenkt å satse på DAB frå 2024, men også der er det motstand mot endringa.

Personleg kan eg seie at tidlegare var kjøkkenradioen med FM-nettet i bruk dagleg. Etter sløkking av nettet fekk vi ein DAB-radio i gåve frå eit av borna, men bortsett frå «julekanalen» i desember i fjor, har DAB'en ikkje vore i bruk. No står fem FM-radioar og ventar på at fornufta sigrar og FM-nettet vert opna att.

Og eg undrast – saman med mange andre – var det eit koppel med broilerar med kringkastingssjefen i spann som skulle berike seg på salet av dei nye radioane? Ein«sanningskommisjon» burde trå til og avdekke dei økonomiske interessene som låg bak.

«Viktig melding, LYTT PÅ RADIO» nådde inn i stort sett alle heimar ved hjelp av FM-bandet.

No skal det vel bli mobilmelding i staden, men ikkje alle gamle – ofte einslege – sit med mobil kopla til.
FM-radioen – derimot – var beste selskapet i slike situasjonar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags