Kommunar som vil så lite!

Kvifor er det ikkje eit prioritert kommunalt mål å utvikle attraktive tettstader, spør Tore Berg.

Kvifor er det ikkje eit prioritert kommunalt mål å utvikle attraktive tettstader, spør Tore Berg. Foto:

Av
DEL

LesarbrevNår me ser forslag til endring av omgjevnader me kjenner, vil dei fleste av oss ha meiningar om det. Eg knytte gjerne mine meiningar til ei fagleg vurdering, men kva kjenneteikne ei god løysing, i dette tilfelle ei god tettstadutvikling, og kven er den rette adressaten når ansvaret skal fordelast?

I kommunane Jølster, Gaular, Førde og Naustdal ser vi stadig prosjekt og løysingar, som etter mi vurdering, er så uventa at ein skulle tru det for kommunestyra eller planutvala var umogeleg i vår tid å gje aksept for slike prosjekt. Men prosjekt etter prosjekt blir fremma av utbyggarar utan gode kommunale vurderingar eller innvendingar.

Løysingane er ikkje det mest sentrale å vurdere her, heller ikkje å vurdere korleis det alternativt kunne vore gjort? Av større interesse er å vurdere moglege årsaker til alle disse fatale resultata, også fordi dei bere bod om ein liknande eller tilsvarande framhald i den nye kommunen.

Men kort samanfatta botnar mine innvendingar til ei rekke prosjekt i (sjå bilde):

  • Kraftig byggestilforvirring og stort stilgap mellom eksisterande bygg og nye
  • Byggehøgder overstige både det karakteristiske i naturlandskapet og skalaen i dei små «by»landskapa i tettstadene
  • Fragmentering og spreiing av funksjonar slik at det livgivande for gateliv og stader som møteplass går tapt.

Vårt plansystem gir rom for fleire tilnærmingar for stadsutvikling og ulik ansvarsdeling mellom ulike hovudaktørar. Kven sette premissane, kven definere rammene og kven formar løysingane? Mange vil definere rammene, det offentlege, som viktigaste aktør for at løysingane skal bli anstendige, og for at dei som set premissane, utbyggarane og dei forretningsdrivande, skal bli haldne i taumane.

Aktørsamarbeid er likevel viktig, men kan aktørsamarbeidet bli for tett og føre til at roller og ansvar blir diffust?

Eg har i 35 år hatt roller som både landskapsarkitekt, eigedomsutviklar, sentral lokalpolitikar og kommunal planleggar. I mi plansjeftid i ein kommune austanfor, arbeidde vi mykje med utviklinga av kommunesentrum. Resultatet blei m.a., dei to einaste gongene det hittil er gjort, kåring til Romerikes vakraste tettstad. I dette inngjekk også den historisk gamle delen av kommunesentrum. 

Kommunen og kommunesentrum fekk veldig gode resultat ved at dyktige plan- og byggesaksbehandlarar, eksterne arkitektar og utbyggarar arbeidde seg gjennom områdeutvikling og prosjekt og blei einige, innanfor tydelege intensjonar, men med politisk frie rammer.

Kommunesentrums mange behov blei varetatt. Likeins utbyggarane sine behov, og ein god formgivingsprosess blei varetatt. Det var også eit viktig utgangspunkt å komme raskt i mål. Aktørane hadde gjensidig respekt og var alltid villig til å «gje og ta».

Det ultimate var å kunne sende planane og utbyggingsprosjekta vidare til politisk godkjenning utan konfliktar. Dei politiske partia og politikarane sin jobb var på sett og vis ferdige i denne fasen. Dei hadde gjennom tydelege frontar, spisse debattar, men avgjerande konsensus lagt og formulert intensjonane.

Sett frå eit fritt og komfortabelt utsiktspunkt på Austlandet synest det å vere annleis i kommunane og tettstadane i indre Sunnfjord.

Den politiske visjonen strekke seg sjeldan lenger enn til eit ønskje om at noko skjer og å sikre eit «godt liv».

Dannar denne hyggepolitikken ei tilstrekkeleg ramme for å utvikle gode tettstader som kan stå i hundrevis av år? Eller fører den berre til kompromiss som skuslar vekk sjansen for markante stader med sterke, lokale kvalitetar som vesentleg ingrediens?

Utviklinga av fleire tettstader representerer ei ekstremt negativ utvikling. Ikkje i avkastninga for utbyggarane, men korleis det samla uttrykket på bygg og stadene blir. Det blir for sprikande, rotete og mange stader dødt.

Politikarane har så mange ideelle krav til det gode liv, som kvar for seg er fornuftige, men som til saman blir eit problem fordi det ikkje blir sortert ut kva som er viktigast ved stadsbygging. Politikken blir ført frå prosjekt til prosjekt, som ikkje nødvendigvis gir gode stadskvalitetar til områda.

Mykje står på spel i indre Sunnfjord.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags