Ja til bru over Svedsundet

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevGaular kommune skal i vår fatte viktige avgjerder når det gjeld traséval for ny Fv 57 mellom Dale og Storehaug. Det har vore mange meiningar og heite diskusjonar om kvar vegen skal gå, slik som vanleg er når det gjeld samferdslesaker.

Heilt sidan 2011, då Vegvesenet laga rapporten som vurderte ulike alternativ for utbetring av vegen, har Gaular kommune og Fjaler kommune jobba saman om å drive fram dette prosjektet. Rapporten er klar på at det mest samfunnstenelege alternativet er ei bru over Svedsundet og veg gjennom Bygstad opp dalen til Hjelmeland og vidare til E39 ved Storehaug. I heile perioden frå 2011 og fram til no har dette vore premissen i arbeidet. Dei andre alternativa som var behandla i rapporten frå 2011 har det ikkje vore særleg mykje oppslutning bak, noko som er naturleg når analysen viser at desse alternativa kjem dårlegare ut.

Her er nokre av grunnane til at alternativet med bru over Svedsundet er det beste:

  • Det er den kortaste traseen for trafikk mellom HAF og Førde.
  • Det er den kortaste traseen for trafikk frå HAF til Flyplassen.
  • Det vil gjere avstanden mellom Bygstad og Dale vesentleg kortare enn dei andre alternativa.
  • Det vil knyte Bjørvikstranda saman med Bygstad mykje betre enn eit alternativ utan bru.
  • Bygstad vil få skikkeleg veg til Førde og til Dale.

Alle desse grunnane, som vi meiner er objektive grunnar, vil føre til at Bygstad blir ei svært attraktiv bygd i den nye storkommunen i Sunnfjord. Det er tydeleg at Vegvesenet også ser dette ut ifrå rapporten frå 2011.

Det er viktig no at politikarane i Gaular held trykket oppe for å få framdrift på dette prosjektet. Det betyr at vi no må fatte eit vedtak basert på dei alternativa som er utgreia. Brukar vi meir tid på utgreiingar om andre alternativ, vil vi setje heile prosjektet i fare. Vi har eit vindauge på nokre få år no før vi går inn i Vestland fylke og der kommunesamanslåinga i indre Sunnfjord vil gi ekstra drivkraft til dette prosjektet.

Lytt til folket! Bygstad treng ny veg!

Håvard Korsvoll

Bjørvikstranda

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags