Bygg badeland bak Firda Billag

ATTRAKSJON: Asbjørn Steen meiner eit badeland bak Firda Billag kan vere attraksjonen som byplanleggar Julie Daling ønsker seg. For å få til dette meiner han Førdepakken må leggast om.

ATTRAKSJON: Asbjørn Steen meiner eit badeland bak Firda Billag kan vere attraksjonen som byplanleggar Julie Daling ønsker seg. For å få til dette meiner han Førdepakken må leggast om. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDet var interessante tankar byplanleggaren hadde i Firda om utviklinga av Førde, eg kan ikkje hugse at byplanleggaren eller dei som arbeider med reguleringsplanar i kommunen har fått desse tankane ned på papiret.

Eg sat i bystyret siste periode og foreslo å få utarbeid ein reguleringsplan for området parken/festplassen i tilknyting til aktivitetane ved Førdehuset og tankar ein måtte ha om vidare utvikling av «storstova» vår samtidig som ein ikkje bygde køyrebrua frå Hafstad til Angedalsvegen, men derimot bygde ei gang og sykkelbru frå Førdehuset til Hafstadparken.

Tenk kva ein kunne ha fått ut av ei slik plan. Ei stor grøn lomme, rekreasjon og idrettsaktivitetar midt i sentrum av Førde. Men kva er det som skjer? Mitt inntrykk er at administrasjonen og byplanleggarane på teknisk etat kjempar ein hard kamp for å få bygd bilbrua ved Førdehuset. Det siste no er at kommunen foreslår å bygge parkeringshus på festplassen. Dette heng godt saman med bilbrua og motorvegen ned Angedalsvegen – Langebruvegen til Helsetunet og vidare med bru til Indre Øyrane og motorveg fram til skulen som skal byggast på Øyrane.

Snakkar byplanleggaren og teknisk etat med to tunger? Og så skuldar dei på politikarane, det er politikarane som bestemmer seier byplanleggaren. Det burde absolutt vere slik, men eg har hevda tidlegare og står framleis på at det er Statens vegvesen, godt følgt opp av administrasjonen/teknisk etat i kommunen, som styrer utviklinga. Det er ikkje hjelp i at her kjem forslag frå politikarar eller meinigmann, verken vegvesenet eller teknisk etat er villige til i det heile tatt å vurdere forslaga som kjem, jf. alle forslaga som er komne om brua ved Førdehuset, brua ved Helsetunet, tunnel bak Førde Hotell, utbetring av Naustdalsvegen frå Storehagen til Klettatunnelen. Eg har ikkje nemnt sentrum sør og E39, etter mitt syn ein skandale, men det er ei sak som heng saman med tunnelen og parkeringshall i Hafstadfjellet.

Til slutt vil eg prøve å vere litt kreativ, eg har lansert desse tankane i avisinnlegg tidlegare. Kutt ut brua ved Helsetunet, bygg heller ei gang og sykkelbru, dermed får ein vekk motorvegen over indre Øyrane. Bygg eit badeland med internasjonale mål på indre Øyrane bak Firda Billag/Sunnfjord Hotell. Røyrgata til Førdefjorden Energi går rett forbi, så det er kort veg til varmt vatn.

Bygg så den planlagde køyrevegen, som teknisk etat seier skal komme i framtida, men ikkje no, frå indre Øyrane til Firda Billag i traseen der røyrgata går, med dette badeanlegget bygger ein ei ny attraktiv grøn sone midt i sentrum, i staden for å bygge ein motorveg på indrefileten midt i Førde sentrum. Eg er sikker på at dette er planar som næringslivet vil vere med på.

Men dette bryt jo fullstendig med Statens vegvesen og planleggarane i Førde kommune sine tankar, og då er det vel små moglegheiter for at dei vil bruke tid på å vurdere det.

Lykke til med byplanlegginga.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags