By og Land har styrt politikken vår sidan krigen

– Vi må velje mellom by og land, seier redaktøren, og ber oss gå ut av skoddeheimen. Det gjer vi med glede! skriv Torbjørn Vereide (t.v.) og Arve Helle.

– Vi må velje mellom by og land, seier redaktøren, og ber oss gå ut av skoddeheimen. Det gjer vi med glede! skriv Torbjørn Vereide (t.v.) og Arve Helle. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.I laurdagsavisa skriv Firda-redaktør Kai Aage Pedersen at den politiske retninga til Arbeidarpartiet kan vere eit flott ideal å ha på doveggen, men at det neppe vil vere tilstrekkeleg for regionen vår. Vi må velje mellom by og land, seier redaktøren, og ber oss gå ut av skoddeheimen.

Det gjer vi med glede!

Vi tykkjer det er solid at Arbeidarpartiet no vil prioritere 6 milliardar kroner for å sikre raskt internett til heile landet. Eit løft for bemanning og beredskap innan politi, jordmor og ambulansar burde heller ikkje vere noko å stusse på. I sum handlar dette om noko så grunnleggande som at du skal få hjelp når det skjer noko.

Ein ting skal redaktøren likevel ha rett i: Sjølv om dette er viktige grep, så er det utilstrekkeleg med mindre det følgt opp med noko meir. Her er det heilskapensom tel. Om Arbeidarpartiet sitt framlegg til statsbudsjett hadde blitt vedteke, så hadde til dømes Sunnfjord kommune hatt 11 millionar kroner meir enn i dag som kunne gått til skuletilbod og eldreomsorg.

Dette gjeld også for sjukehusa. Om Arbeidarpartiet hadde fått fleirtal for å stoppe dei årlege ostehøvlane som flyg over avdelingar og tilsette i sjukehusa våre, så er det ingen tvil om at det ville betydd mykje for folk i regionen vår.

Dette er i høgste grad distriktspolitikk. Det er ikkje slik at vi blir mindre sårbar for kvardagspolitikken i utkantane, snarare tvert imot. Dei økonomiske rammene for skule, helse og eldre er heilt avgjerande for eksistensen vår.

Eit premiss frå redaktøren som vi derimot ikkje kan akseptere; er at ei satsing på distrikta nødvendigvis må gå på bekostning av byane. Erfaringa vår som folkevalde i Vestland er det motsette. Berre for å ta den lokale varianten: Om vi tek vare på og utviklar bygdene i Sunnfjord kommune, så er det faktisk positivt for Førde som by. På same måte skapar vekst i Førde, med fleire arbeidsplassar og betre tilbod av ulik karakter, ei positiv utvikling også i distrikta.

Arbeidarpartiet har ikkje funne på ”By og Land – hand i hand” som eit slagord før helga for at vi skal gjere det betre på meiningsmålingane. Dette er eit prinsipp som har styrt politikken vår sidan krigen. Og om vi skal seie det sjølv: Det er eit fordømt godt prinsipp.

Når vi no står i kampen for å sikre meir midlar til rassikring i distrikta, så er faktisk ordføraren i Bergen ein av våre aller viktigaste medspelarar. Det er ikkje det at det rasar så mykje på Torgallmenningen, men for Marte er det heilt opplagt at suksessen til Bergen er avhengig av eit sterkt og levande distrikt.

Når vi reiser inn med krav om rassikring på landsmøtet vårt, så er det ikkje lenger med minibuss frå rundkøyringa på Skei. No reiser vi saman som ein av dei sterkaste delegasjonane i heile landet. Dette er ein kamp som vi tek saman!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken