By og bygd vert forandra. Vi vel korleis!

PRIVILIGERT: Vi er privilegerte som lever i Norge, der kortsiktige, statlege redningspakkar effektivt kjem på plass når krisa rammar. Men vi må ikkje vere naive og tru at det vil vere nok til å redde alt det vi verkeleg set pris på. Den jobben er det vi som bur her som må gjere, saman. Og det hastar. Neste år kan det vere for seint, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå ein konsert på Elevetorge under Førdefestivalen.

PRIVILIGERT: Vi er privilegerte som lever i Norge, der kortsiktige, statlege redningspakkar effektivt kjem på plass når krisa rammar. Men vi må ikkje vere naive og tru at det vil vere nok til å redde alt det vi verkeleg set pris på. Den jobben er det vi som bur her som må gjere, saman. Og det hastar. Neste år kan det vere for seint, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå ein konsert på Elevetorge under Førdefestivalen. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev«Det nyttar ikkje å snyte seg når nasen er borte,» seier eit gamalt visdomsord frå Svelgen.

Ungane mine ser lengtande inn i det stengde lokalet på Vetrlidsallmenningen i Bergen, det var her dei fann sin store favoritt: tacokiosken La Taqueria. Den vesle spisestaden vart kåra til «Bergens beste tacosted» av Bergens Tidende, men trass i strålande omtale overlevde ikkje La Taqueria den tøffe konkurransen mot kjedene Egon, Deli Deluca og McDonalds. Lokalet står endå tomt, og skiltet heng der to år seinare som ei påminning om at sjølv for den som lagar byens beste taco er det krevjande å lukkast med å setje farge på Bergen sentrum.

Vestlandet er ein attraktiv region for turistar og innbyggjarar. Regionen er full av stader med sjel og særpreg. Byar og tettstader der ein kan bu, arbeide og leve i gåavstand til det meste. Vi har levande by og tettstader med sjel og særpreg andre regionar misunne oss.

Mykje av det som gir særpreg til by og bygd er no i fare. Vil kunne gå med i dragsuget i det som det internasjonale pengefondet (IMF) peikar på kan bli den verste økonomiske krisa sidan 1930-talet. Eg trur IMF kan få rett, og eg er redd vi endå ikkje heilt forstår kva kombinasjonen av koronakrisa og ein oljepris på rundt 30 dollar vil bety for Vestlandet. Det vi opplevde ved oljeprisfallet i 2015 kan bli smått i forhold til det vi må stålsette oss for no.

Siste veka i mars hadde restaurantnæringa mista 76 prosent av si omsetning samanlikna med 2019. Tala for april vert enno styggare. Slik er det for alle verksemdene som gir Bergen og andre tettstader på Vestlandet sjel og særpreg. Fotballklubbar risikerer å miste ein heil sesong med billettinntekter. Festivalar langs heile kysten er avlyst, endra eller utsett. Vestlandet som har spesialisert seg på folkefest og opplevingar, er no fullstendig stengt. Vi må erkjenne brutale fakta: Korona-konsekvensane kan verte dramatiske for Vestlandet. Verksemdene som gjev by og bygd særpreg kjempar no for livet.

Aldri har det vore viktigare å støtte opp om lokalt kultur- og næringsliv. Medan vi alle ventar på å få kvardagane våre tilbake: Tenk grundig over kva du set pris på med byen eller tettstaden din. Kven du tenkjer at vi ville vore fattigare utan? Kva kan vere ditt bidrag for å sikre at tilbodet også består når byen eller tettstaden din sakte men sikkert vaknar til liv igjen? Jens Kihl i Bergens Tidende har heilt rett i sitt innlegg i at lokale politikarar i Bergen no må samle seg om målet om eit rikt og levande sentrum. Men vit at det er våre val som innbyggjarar som veg aller tyngst.

Det er ikkje berre vår eigen trivsel som står på spel, det er vår framtidige konkurransekraft vi kjempar for. Eit godt by- og lokalmiljø er avgjerande i den globale konkurransen om kunnskap. Vestlandet har alt som skal til for å bli ein av dei mest nyskapande regionane i Europa, men for å vere attraktiv for nyutdanna og den beste kompetansen, er vi heilt avhengige av levande, inspirerande by- og bygdesentrum.

Så om du har mogelegheit. Støtt det lokale næringslivet du set pris på. Lat oss stille på enno litt fleire på fotballkamp sjølv om det regnar og laget ditt ligg midt på tabellen. Lat oss kjøpe konsertbillettar og festivalpass så tidleg vi kan. Gå på ein ekstra konsert og støtt lokale eldsjeler. Kjøpe ein «take-away» hos ein restaurant du set pris på og som slit for å overleve. Lat oss bruke Vestlandet denne sommaren som aldri før, no når alle tilreisande gjester og turistar er borte.

Vår region er ein av verdas beste å bu i. Ikkje berre fordi politikarane har gjort viktige vedtak om sentrums- og byutvikling, men like mykje fordi alle vi som bur her gjer det mogleg å skape arbeidsplassar, aktivitetar, opplevingar og tenester med særpreg, og som berre finst akkurat her, akkurat i vår by eller bygd. Fordi VI har gjort det mogleg.

«Det nyttar ikkje å snyte seg når nasen er borte,» seier altså eit gamalt visdomsord frå Svelgen. Så eg lar ungane få siste ordet og kjøper tacomiddag hos våre heltar på La Taqueria. Dei reiste seg frå konkursen i 2018, og satsa siste rest av sparepengar og pågangsmot med nye lokale på Engen i Bergen januar. Dei kunne ikkje hatt meir uflaks! Selskapet har lite omsetning å vise til før koronakrisa slo inn, difor fell dei utanfor statlege støttetiltak. Difor støttar eg ungane sitt målretta arbeid for å halde liv i «nye» La Taqueria. På jobb er eg svært opptatt av at vi i Sparebanken Vest skal halde fram som sentral långivar, samarbeidspartnar og sponsor for svært mange av regionens restaurantar, kulturinstitusjonar og sportsklubbar.

Vi er privilegerte som lever i Norge, der kortsiktige, statlege redningspakkar effektivt kjem på plass når krisa rammar. Men vi må ikkje vere naive og tru at det vil vere nok til å redde alt det vi verkeleg set pris på. Den jobben er det vi som bur her som må gjere, saman. Og det hastar. Neste år kan det vere for seint.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags