Kast ikkje stein Gilje, når du sjølv sit i glashus

BOB-direktøren Terje W. Gilje går ut med det sjølvskryt at dei har vore aktive i sonderingar av mogelege tomteareal i Sunnfjord. Har vore i diskusjon med ein rekke tilbydarar i regionen – mellom 10 og 15 stykke, skriv Odd Skrede (bildet).

BOB-direktøren Terje W. Gilje går ut med det sjølvskryt at dei har vore aktive i sonderingar av mogelege tomteareal i Sunnfjord. Har vore i diskusjon med ein rekke tilbydarar i regionen – mellom 10 og 15 stykke, skriv Odd Skrede (bildet). Foto:

Av
DEL

MeiningarAdm. direktør Terje W. Gilje går laus på både avisa Firda og enkeltpersonar som uttalar seg på det som i beste fall må vere sviktande verkelegheitsoppfatning og mot betre vitande iflg. direktøren.

At Firda tek opp og avdekkjer gjennom fleire kanalar at det er ingen byggeaktivitet gjennom BOB i Førde eller i Sogn og Fjordane totalt, synest visst å falle BOB-direktøren tungt for brystet. Og samtidig skuldar han avisa Firda for å stå fram som eit mikrofonstativ for negativt lada krefter.

Er det ikkje media si oppgåve å belyse aktivitet i samfunnet, anten det er no negativt eller positivt.

I dette høvet er det BOB sin manglande aktivitet i Førde og Sogn og Fjordane. Dette må BOB-direktøren ta på det største alvor, og ikkje kaste stein når han sjølv sit i glashus.

Eg har påpeikt at Bustadbyggelaget BOIVEST har sove i årevis, kan gjerne gå tilbake til 2000 då laget ikkje har vore framsynte med å skaffa seg tomter. Medan dei private entreprenørane har sikra seg tomter i fullt mon og har hatt høg produksjon og aktivitet. Her er oppført blokker og rekkehus i stor stil. Ei utbyggingsform som var naturleg for Bustadbyggelaget å ha hand om. Men nei. Huustunet var vel det siste som er bygt i regi av Bustadbyggelaget og er vel snart 10 år sidan.

Den tid eg var forretningsførar i Førde Bustadbyggelag hadde eg mykje kontakt med bustadbyggelaga i Bergen, gjennom møte og konferansar. Det var VESTBO – BOB og LAKSEVÅG. Ein gong spurde eg dei: De karane konkurrerer vel om dei same medlemane?

Nei, ikkje på medlemar. Vi konkurrerer om kjøp av tomteland, der er vi store konkurrentar, var svaret. Nett dette er det eg har påpeikt at Bustadbyggelaget i Førde har sove i timen og late dei private entreprenørane styre både tomtepolitikken og bustadbygginga. Det har ikkje vorte betre etter at BOB som den store frelsaren kom inn i manesjen. Førde kommune har vore passiv tilskodar til denne utviklinga.

Nei, det har eg forstått at BOB ikkje driv med slikt. Eg blir ikkje forundra, men ganske forbausa at leiinga i BOB kan ta så lettvint på dette. Dette har ikkje noko med rammevilkåra å gjere, direktør Gilje, men måten BOB legg opp til med prosjekta.

Når BOB har ei tomt og så let den over til ein utbyggar/entreprenør så er konkurransen vekk, og byggekostnaden vert deretter. Tidlegare engasjerte Bustadbyggelaget arkitektar og konsulentar, arbeidde fram prosjekta og entreprenørane konkurrerte om anboda. Og her var det til tider store prisskilnadar.

Men no tek altså BOB så lettvint på det at ein bryr seg ikkje med konkurranse. Det er marknads-kreftene som rår i Førde, som elles i landet. Noko som BOB som eit kooperativt tiltak burde ta fatt i. Når BOB-direktøren og andre innan leiande stillingar innanfor Bustadsamvirke har denne haldninga er spørsmålet om det er dei rette folka som styrer/arbeider innan for bustadsamvirke. Ein må ha dette med sosial bustadbygging i ryggmergen og ikkje tenke profitt.

Eg sit med eit mindre prosjekt føre meg, det gjeld at Vegvesenet skal lage støyskjerm på Bergum i Førde.

BOB-direktøren Terje W. Gilje .

BOB-direktøren Terje W. Gilje . Foto:

Her var fem byggefirma som var med. Tilbodssummane varierte frå lågaste kr 2.225.573,- til det høgste kr 3.828.857,- Ein skilnad på kr 1.603.284.- eller heile 41,87 %. Eg reknar med dei hadde same tilbodsdokumenta. Men kooperativ bustadbygging kjem ikkje ut på anbod.

I eit kommunalt møte der eg møtte som representant i 2017 for eldrerådet, stilte eg spørsmål om kvifor Tomteselskapet var trekt inn som ein samarbeidspartnar for utviklinga i Førde og ikkje BOB. Ordføraren svarte noko slikt som at BOB var ikkje som før med bustadbygging som primæroppgåve.

Ja, vel er det slik inntrykket er av BOB av våre lokale politikarar, så trengst det gjerne ei opplæring.

Førde Bustadbyggelag var ein forlenga arm for bustadreisinga i Førde kommune både under etableringa med Ankerløkken og seinare sentralsjukehuset. To store etableringar med faktisk fleire hundre, ja tusener arbeidsplassar i Førde, med ringverknader og ein folkevekst då frå 3 til 6 % årleg. Førde Bustadbyggelag takla det bra, men som sagt vi hadde tillitsvalde som verkeleg hadde sosial bustadbygging i ryggmergen og såg positiv samfunnsutvikling i Førde.

BOB-direktøren går ut med det sjølvskryt at dei har vore aktive i sonderingar av mogelege tomteareal i Sunnfjord. Har vore i diskusjon med ei rekke tilbydarar i regionen – mellom 10 og 15 stykke. Ja, dette står i grell kontrast med fleire seriøse tomteeigarar som har tilbydd tomter for utbygging både ved møte, telefonsamtalar og e-postar og som dei ikkje får svar på ein gong. Dette må vere det vi kallar arroganse.

Sverre Farsund, etterkomar av ein av pionerane som starta Førde Bustadbyggelag for ca. 55 år sidan, har sagt opp sitt lange medlemskap no i BOB. Han er ein av dei som har opplevd arrogansen frå BOB om å ikkje få svar derifrå etter å ha tilbydd tomteareal. Dette er ikkje noko særleg god omdømebygging for det loka BOB sitt distriktskontor i Førde og for BOB si satsing i Sogn og Fjordane.

– Eg opplever at vi er aktive i Førde, seier utbyggingsdirektør i BOB Ole H. Kleppe til avisa Firda den 26. januar i år.

Det tar litt tid å få alle korta i kabalen til å gå opp. Ja, aktiviteten må no ta til å vise snart. Kleppe, du kan no ikkje sitte å stokke i det uendelege før kabalen vert lagt ut. Eg registrerer at ein entreprenør for ikkje lenge sidan gjekk ut og fortalte om eit byggeprosjekt i Førde på ca. 40 husvære som dei planlegg.

Medlemsbladet til BOB (2 rom & kjøkken) har eg bladd grundig gjennom dei tre siste medlemsblada (sept./des. 2018 og mars 2019), for å finne noko aktivitet om Førde og Sogn og Fjordane. Bortsett frå eitt firma i Førde er nemnt om rabatt, så er der ikkje eit komma om noko som helst. Litt flautt for BOB og distriktskontoret i Førde.

Vi har to medlemskap i familien, eitt nærmar seg 50 år. Eg har og teikna medlemskap til mine seks barnebarn. Spørsmålet mitt er om det er noko verdi i desse medlemskapa. Har betalt. kr. 500,- ved kjøp, så kr 300,- i kontingent for året. Så direktør Gilje, du kan gjerne no svare på kva tid vi får tilbod på nye husvære gjennom BOB i Førde.

No skal det veljast nye styremedlemar i BOB på generalforsamlinga i Bergen tysdag 14. mai.

Eg håpar at her vert medlemar av styret, som har interesse for og gjennomføringskraft til å skaffe bustadar til andelseigarane gjennom burettslag eller på annan måte forvalt bustadar for andelseigarar også i Sogn og Fjordane.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags