– Arrogant frå BOB-leiinga

– Kanskje nokon har gløymt kven dei er valde for, og kva ansvar dei skal forvalte? skriv Jo Ueland i dette debattinnlegget.

– Kanskje nokon har gløymt kven dei er valde for, og kva ansvar dei skal forvalte? skriv Jo Ueland i dette debattinnlegget. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Eg har med stor interesse følgt dei ulike oppslaga kring BOB dei siste vekene.

Eg/vi er òg mangeårig medlem i BOB. I det siste har nokre av medlemmane, busett i Sogn og Fjordane, byrja heve røystene sine mot at det skjer så lite (ingenting) i «nordfylket». Konsernsjef Terje Gilje seier til Firda at: «Som tidligere nevnt, er Førde høyt oppe i bevisstheten vår med hensyn til fremtidig boligbygging...».

Det som i alle høve er tydeleg, er at dette ikkje kan ha vore tilfelle dei siste 10 åra. Første spadetak for siste prosjekt (Huustunet) i Førde var i 2009! Terje Heggheim, som sit i styret til BOB, (og som endåtil kjem frå Sogn og Fjordane), seier at: «...BOB ikkje er noko distriktspolitisk verkemiddel, og at han ikkje sit som distriktsrepresentant for Sogn og Fjordane.» Vi som er medlemmar forventar ikkje at du skal drive distriktspolitikk. Men vi forventar at du skal ivareta medlemmane i organisasjonen, òg dei som er busett i Sogn og Fjordane.

Dette er oppgåva di, slik det er nedfelt i vedtektene våre: «BOB BBL er et samvirkefortak som har til formål å skaffe boliger til andelseierne gjennom borettslag eller på annen måte å forvalte boliger for andelseierne». Dette står i formålsparagrafen til BOB!

Kanskje nokon har gløymt kven dei er valde for, og kva ansvar dei skal forvalte? Kanskje på tide å finne seg noko anna å gjere, og heller overlate plassen til nokon som vil ta dette ansvaret? Ut i frå vedtektene våre skal BOB bygge bustader der medlemmane er, ikkje berre der fortenesta er størst (les Bergen). Slik eg høyrer svara til Gilje og Heggheim, har dei ei anna oppfatning av dette.

Eit konkret spørsmål til Gilje: Kor mange av medlemmane våre bur i Sogn og Fjordane? I fall 5-10 prosent av dei bur her, er det tydeleg at byggeaktiviteten til BOB i fylket langt i frå står i høve til fordelinga av medlemsmassen. No les eg i Firda at Gilje ikkje ønskjer å debattere påstander og synspunkt i media.

Vel, no ytrar og spør medlemmane dine seg i media (avstanden til Bergen er lang....), og vi ønskjer svar, - gode svar!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags