Innfør soner på kollektivtrafikken i heile Vestland

Av
DEL

LesarbrevBergen, Hordaland er delt inn i soner når det gjeld prisen på bussbillettar for Bybanen. Sone A er den billegaste og kostar 38 kr for vaksne, 19 kroner for honnør og barn. Sone A dekker Bergen og nabokommunane, og det gjelder all kollektivtrafikk.

I dagens Sogn og Fjordane kan sone A dekke hele Sunnfjord kommune, pluss Fjaler. Det er Vestland fylke som skal styre kollektiv trafikken om eitt halvt år, og då er det viktig at prisen på å reise med buss er lik i hele Vestland.

Skal fleire reise med buss er det viktig at prisen er lav, og at bussane går ofte, nå er ikkje Sogn og Fjordane kjent med at det går ofte bussar. Men det burde vere mogleg at det går ein ringbuss kvar halve time innanfor Sunnfjord kommune, kall ringbussen
gjerne Sunnfjordbussen.

Skal bussprisane vere lave, må fleire pengar komme frå fylkeskommunen, og staten, no er det ikkje bestemt om det er Kringom eller Skyss som skal styre kollektivtrafikken, men den avgjerda må takast snart.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags