Budsjettjusteringar som verkar fornuftige?

Av
DEL

LesarbrevStatsbudsjettet som er i planleggingsfasen, bør kunne rette opp nokre urettferdigheiter, ikkje berre køyre vidare i samme spor når det gjeld pensjonistane.

I ein del år har dei fleste lønsgrupper fått auka kjøpekraft, medan pensjonistane har blitt haldne utanfor.

Dette er ikkje berre urimeleg, det er også dårleg samfunnspolitikk. Besteforeldregenerasjonen syter for at ei auka kjøpekraft vert fasa innatt i dei ulike hjul i samfunnsøkonomien. Dette er med på å sikre arbeidsplassane i t.d. handel og reiseliv.

Samstundes som ein kan fjerne avkortinga i pensjonsytingane ved lønsoppgjera, bør ein auke avgiftene på flyreise nr to og tre til «Syden». Ferie i eige land bør stimulerast, og reiseruter tilpassa norske pensjonistar få høgare prioritet.

Elles reagerar eg på at fisk nedfrosen på fiskefeltet går ubehandla til utlandet - for der å bli vidareforedla og seld på verdsmarknaden.
Kysten vår burde innby til bearbeiding av eigen fisk, og om det ikkje pr. dato kan påleggast landing av fangstar i Noreg, bør dette kunne bli ein del av planane for oppretting av arbeidsplassar i kyst-Noreg.

Eg ser ikkje vår Regjering som nok framtidsorientert til å få styre landet stort lenger.

«Noreg først» må kunne gjelde i skiftet til eit grønnare samfunn. Regjeringa Solberg orienterer seg ut og bort frå eige land. Og no er det fleirtal i Regjeringa for å melde oss inn I EU! Forstå det den som kan, eg gjer det ikkje.

Kan vi vone på ein ny statsminister som først og fremst kjenner seg forplikta overfor eigne veljarar?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags