BSU fekk meg på bustadmarknaden

 SPARING: BSU handlar ikkje berre om at studentar og vidaregåande elevar skal spare, men også at unge som jobbar skal ha ei ordning å spare til, skriv Martin Savland i denne artikkelen.

SPARING: BSU handlar ikkje berre om at studentar og vidaregåande elevar skal spare, men også at unge som jobbar skal ha ei ordning å spare til, skriv Martin Savland i denne artikkelen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI løpet av mi tid som aktiv i Unge Høgre, har Bustadsparing for unge, BSU, vore oppe til debatt mange gonger. Debatten har gått på at motstandane meiner ordninga ikkje er treffsikker nok og heller ikkje hjelper oss unge nok på bustadmarknaden.

Som 29 år, einsleg og ferdig med 5 års studium har det vore viktig for meg å spare alt eg kan, for å komme på bustadmarknaden. I mars 2019 kunne eg blant anna ved hjelp av BSU komme inn på bustadmarknaden. Eg er neppe den einaste som klarte det på grunn av BSU. Faktisk bruker om lag 4 av 10 unge mellom 17 og 34 år BSU, og vi veit at bankane ser svært positivt på unge som sparer i BSU.

Denne regjeringa får ofte kritikk og tilbakemeldingar på alt vi skulle gjere annleis, men akkurat på BSU har denne regjeringa levert. I 2013 overtok Erna Solberg som statsminister. Allereie i 2014 auka denne regjeringa innskottet frå 20.000 kr til 25.000 kr. Altså at vi unge kan spare 5000 kr meir per år til ei veldig god rente. Dette har gitt min generasjon moglegheit til å spare 30.000 kr meir fordelt på 6 år. I dag kan man dessutan spare 300.000 kr i BSU. Dette er ein auking på 15.0000 kr frå 2013. Med auka bustadprisar er dette eit viktig bidrag for dagens unge, og difor er eg glad for at Unge Høgre og Høgre framleis vil jobbe for å behalde BSU.

Dei neste åra vil det bli ein stor debatt på kva vi skal prioritere, og kva utgifter staten bør kutte. Dessverre er det mange ungdomsparti som vil fjerne ein av få måtar for unge å spare. Konsekvensen kan vere at færre unge vel å spare, og at færre unge klarer å komme på bustadmarknaden. Løysinga bør ikkje vere at unge i dag må satse på sine foreldre. Heller ikkje at staten må bruke mykje pengar på huslån til unge, eller at fleire unge aldri kjem på bustadmarknaden. Difor er det litt trist når mange vil fjerne ein av få gode dagens unge har, og som også i distrikta er kjempeviktig for å spare nok pengar til egen bustad.

For BSU handlar ikkje berre om at studentar og vidaregåande elevar skal spare, men også at unge som jobbar skal ha ei ordning å spare til. Spesielt når ordninga i dag er svært populær og har stor støtte i befolkninga. Difor bør fokuset vere å jobbe for å gjere ordninga enda meir attraktiv for unge, og ikkje fjerne den. For resultatet kan fort verte eit dårlegare tilbod for dei som kjem etter meg.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags