Brua over Løken

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Brua over Løken er i eksisterande reguleringsplan planlagt med breidde 20 m, og lengde ca 80 m. Den reg.planen som ein finn på nettet, er ikkje så lett å tyde, p.g.a. alle dei ulike strek-symbola som er nytta. Difor har eg lagt inn ein kopi av brua på eit «reint» digitalt kart, som gjev ein betre illustrasjon. Den viser : Bilveg i midten = 7,0 m (grå farge). Gangveg på vestsida =2,5 m, og gang - /sykkelveg på austsida = 4,5 m, tilsaman 6,0 m (gul farge). 4 rabattar a 1,5 m = 6,0 m (grøn farge).

Total breidde blir då 20,0 m. Og med ei lengde på ca 80 m, utgjer bruarealet ca 1.600 m² (1,6 da). I tillegg er det planlagt ei grøn «vorte» / halvøy midt i Løken, på ca 200 m². Til saman utgjer bru – anlegget eit dekke over Løken på ca 1800 m²(1,8 da). Det svarar til f.eks. 2 rimeleg store einebustad-tomter, og betyr eit svært omfattande inngrep i – og reduksjon av – våtmarksområdet, som er sjølve grunnlaget for det rike fuglelivet i og omkring Løken.

Indre Ørane og Løken får også sterkt redusert rekreasjonsverdi, dersom området får gjennomgangstrafikk av fleire tusen bilar i døgeret. Og som det ofte har vore påpeika; store støy – og støvulemper for Helsetunet, og alle bustadbygga som er planlagde langs Langebruvegen og Angedalsvegen (fig. 1. gjev eit godt bilde av kor nær innpå Helsetunet brua vil ligge).

Reint visuelt vil dette bruanlegget, med sine store betongkonstruksjonar høgt over Løken, også bli eit svært dominerande element i landskapet.

Brua over Løken bør byggast som rein gang- og sykkelbru, med høve til naudsynt køyretransport (sjå fig. 2).Gjennomgangstrafikk over Indre Øyrane, Løken og gjennom Langebruvegen har ingen nytteverdi for desse områda, og medfører berre store ulemper. Planlagde utbyggingstiltak på Indre Øyrane vil vere best tente med at det ikkje kjem store mengder uvedkomande biltrafikk gjennom området.

Dersom det blir stor auke av biltrafikken i Naustdalsvegen, kan denne vegen utvidast til 4 –felts veg, utan at dette medfører ulemper for tilgrensande eigedomar og verksemder. På sørsida bør trafikken førast i tunnel frå Førde hotell til Hafstad, slik at Fjellvegen kan nyttast som ei mategate, for vidare positiv utvikling av Sentrum Sør.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken