Brasil brenn regnskog, Noreg byggjer vindturbinar

Erik Solheim skriv at Energi let seg ikkje produsere, vi kan berre endre forma.

Erik Solheim skriv at Energi let seg ikkje produsere, vi kan berre endre forma. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Mange går inn for å berge klimaet med stor utbygging av vindkraft og vasskraft. Elias Eide, og fleire med han, vil ha enorme mengder av det nye. Mange leveområde og landskap vert smadra om han får viljen sin. Men ein ting er like sikkert: Klimaet hjelper han ikkje.

I 20 år har dei ropt etter meir kraft, her heime og i andre land. Hos oss fløymer straum frå både vasskraftverk og vindturbinar i så rikelege mengder at selskapa veit ikkje å få selt alt. Frå fossilbålet stig likevel gassane på lag som før. Dei styrande vil ikkje gå laus på utsleppa med noko som direkte dempar dei. Det vil gå ut over økonomien, meiner dei. Det er nok rett. Kol og olje har vore drivkrafta der rikdommen vaks. Gjennom 20 år har vi no sett at når tilgangen er rikeleg av både elektrisitet og olje, stig forbruket av begge.

Tyskland har følgt same oppskrifta. Dei har reist flest vindturbinar i Europa, nesten 30 000. Men alle dei svinande vengjene leverer berre 3,2 prosent av tysk energiforbruk. No er det slutt. Dei har ikkje meir å hente. Protestane på grunn av støy, helseplager og forsarva landskap vart for store. Utbygginga har stansa. Dei fleste landa i Europa er i same situasjonen; dei har ikkje kjelder å utnytte som kan ta over den enorme innsatsen av fossil energi. I EU er talet bortimot 20 000 TWh. Vasskraft har ikkje flate land. Solceller, som Tyskland òg har satsa mykje på, leverer 1,5 prosent av den energien dei omset. Biomasse er størst på det ikkje-fossile feltet – 7,4 prosent – delvis med så stor import av tremasse frå baltiske land at fleire der har slege alarm om avskoging. Fleire land høgg skog med dei klarer – 60–70 prosent meir i 2018 enn i 2015. Slik kan ingen drive i lengda. Framleis er det nesten 80 prosent fossil energi som driv det tyske samfunnet. Andre store og rike økonomiar har høgre tal.

Dei som vil eksportere norsk kraft for å strupe fossilbrenninga i Europa, tek på seg ei oppgåve ingen kan makte. Om Noreg skulle gjere Tyskland fossilfritt, måtte vi eksportere bortimot 3000 TWh (milliardar kilowattimar) stabil elektrisitet kvart år. Våre vasskraftverk gjev i samanlikning rundt 140 TWh, og berre ein del av dette er råd å styre gjennom reguleringar. Sjølv med eksport av meir enn det er mogeleg å byggje ut her i landet, er det ikkje eingong starten på noko som kan bli større. Så stor tilgang på fornyeleg energi at mengdene kan måle seg med den fossile, det har ingen oppdaga nokon stad.

Klimapolitikken satsar på at teknikken og marknaden skal løyse oppgåva, men utan å forstyrre den utviklinga av samfunnet som vi aldri hadde sett utan å brenne kol, olje og gass. Dette har drive fram ein rikdom, ein mobilitet og eit konsum vi ikkje kan halde gåande utan dei utsleppa som mange vil kvitte seg med. Denne realiteten kan ikkje teknikken endre. Sjølv dei beste kan ikkje finne opp noko som er i strid med naturlovene. Energi let seg ikkje produsere, vi kan berre endre forma.

For vindkrafttilhengarane er problemet òg at dei har ikkje brydd seg om kva folk meiner over alt der planar kan dukkar opp. Maken til folkeleg støtte har norsk naturvern aldri sett. Men så har folk heller aldri sett så brutal rasering av landskap som er ein del av deira liv. Vindkraftselskapa tener sine lettvinte pengar på å selje ferdige verk ut av landet, å late etter seg maltraktere landskap og å la uskuldige menneske sitje att med alvorlege plager. Dei som trur at klimaet har godt av slikt, har ikkje anna enn si oppdikta tru å stø seg på.

Den siste rapporten frå Naturpanelet under SN (Dei sameinte nasjonane) er sirenehyl om at livet brenn på jorda. Mennesket har klipt i maskene på 75 prosent av den veven vi har å klamre oss til. Aldri før i vår historie har så mange skapningar gått inn i den evige natta. I Brasil let regjeringa dei pengegriske brenne regnskog. I Noreg får dei byggje vindkraftverk, med fuglelivet som første offerlam.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags