Brannen på Flatene

GRUNDIG: Eg trur det er mange som er einig med meg når vi no forventar at politi og brann gjer ein grundig vurdering av kva som gjekk gale, i full openheit, skriv artikkelforfattaren.

GRUNDIG: Eg trur det er mange som er einig med meg når vi no forventar at politi og brann gjer ein grundig vurdering av kva som gjekk gale, i full openheit, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevNatt til måndag 30.12.19 gjekk brannalarmen og naudetatane rykte ut til ein brann i ein einebustad på Flatene i Førde.
Ifølge omtale av saka på firda.no kl. 10:26 vart det meldt at brannmannskapet raskt fekk kontroll på brannen. Og at politiet ville ta ein ny runde på brannstaden når det lysna av dag.

I ein ny omtale av brannen publisert kl. 13:30 på firda.no står det at brannfolka reiste frå staden og trudde alt var under kontroll.

Politiet reiste òg frå staden. Dei ville vente på dagslyset.

Så skjer det fatale. Brannen blussa så opp att, og huset brann heilt ned. Hundrevis at personar må evakuerast.
Alarmsentralen konstaterer at det no blir vanskeleg å finne brannårsaka. Sjølvsagt. Men hadde det blitt gjort eit grundigare arbeid ved første utrykking, ville saka sjølvsagt vore heilt annleis. Store verdiar ville ha blitt spart.

Vi må til botnen i dette. Det ser ut som det er gjort grove feilvurderingar av både politiet og brannfolka som var på staden ved den første utrykkinga. Vi er mange som stolar fullt og heilt på politi- og brannfolk når det skjer alvorlege hendingar. At det blir gjort ein grundig og skikkeleg jobb. Alltid. Sjølv om det er midt på natta.

Eg trur det er mange som er einig med meg når vi no forventar at politi og brann gjer ein grundig vurdering av kva som gjekk gale her, i full openheit. Den negative konsekvensen av feilvurderingane vart svært stor. Det handlar om tillit.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags