Førde skal ha den beste barnehagen i Norge

Kristina Mundal, barnehagelærar i Vieåsen barnehage i Førde.

Kristina Mundal, barnehagelærar i Vieåsen barnehage i Førde. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Fleire forskingsrapportar viser at personalet i barnehagen er den viktigaste enkeltfaktoren for å skape kvalitet.

DEL

LesarbrevKommunalsjef for skule og barnehage i Førde, Helge Sæterdal, har fleire gonger uttrykt at både barnehagane og skulane i Førde skal vere blant dei beste i landet. Ei ambisiøs og tøff målsetting! Så kva er status for barnehagane i 2015? Frå mitt perspektiv vil eg hevde at vi har langt igjen før vi kan kalle oss best. Vi treng eit kvalitetsløft i barnehagane, noko som føreset at pedagogtettleiken må aukast!

Fleire forskingsrapportar viser at personalet i barnehagen er den viktigaste enkeltfaktoren for å skape kvalitet. Saman med dyktige assistentar og fagarbeidarar er det essensielt at barnehagen får høgare pedagogtettleik enn kva som er vanleg i dag. Barnehagen som institusjon og velferdstilbod har nemleg endra seg enormt dei siste tiåra. Frå å vere ein ”oppbevaringsplass” har barnehagen vorte ein del av utdanningsløpet og ein svært viktig inkluderingsarena. I dag går om lag 98 % av dei eldste barna i barnehagen, samstundes som det har vore ei voldsom auke av 1- og 2-åringar. Difor er det viktigare enn nokon gong å snakke om innhaldet i barnehagen. Når det gjeld dei minste, men kanskje mest sårbare i samfunnet vårt, er det klart at innhaldet må vere kvalitativt godt! Dette er det barnehagelærarane saman med styrar som er ansvarlege for, samstundes som dei skal lære opp og rettleie resten av personalet. Dessverre aukar stadig omfanget av og krava til arbeidet vårt, utan at råmene eller ressursane endrar seg i tilstrekkeleg grad. Til dømes har ein barnehagelærar i full stilling ikkje meir enn 4 timar planleggingstid i veka, eit tal som ikkje har endra seg sidan 1972. Det seier seg kanskje sjølv at planleggingstida til pedagogane bør spegle dagens utfordringar og oppgåver i barnehagen?

Les også: Her droppar dei farsdag og morsdag

I Vieåsen barnehage har vi dei siste åra vore så privilegerte at vi har hatt om lag to pedagogar på fleire av avdelingane våre, til stor fordel for det pedagogiske tilbodet barna har fått. At arbeidsmengda vert meir overkommeleg er openbart då to barnehagelærarar kan dele på det pedagogiske og administrative arbeidet. Dette er svært viktig då det gjev den enkelte pedagog meir tid saman med barna, den viktigaste oppgåva vi har!

Les også: For litt «betaling» tok femåringane pyntejobben

Fleire barnehagelærarar har styrka fagmiljøet vårt og auka kompetansen til heile personalgruppa, fordi refleksjonsnivået på avdelingane auka gjennom at vi i større grad utfordrar kvarandre, granskar vår eigen praksis og gjev kvar andre støtte i vala vi tek.

Eit sterkare og tydelegare fagmiljø har også gjort arbeidet vårt meir målretta. Dette sikrar at det som skjer i barnehagen ikkje er tilfeldig! Det sikrar at alle barna blir sett, får delta i leik, og at alle får utfordringar og støtte ut ifrå sine eigne føresetnadar. To pedagogar sikrar også at samarbeidet mellom heim og barnehage får meir fokus, mellom anna fordi vi er meir tilgjengelege for foreldra!

Eit av dei viktigaste argumenta for å auke pedagogtettleiken i barnehagen dreiar seg likevel om tidleg innsats for barn med særskilde behov. Med to pedagogar på avdelinga er vår erfaring at vi klarar å både oppdage hjelpebehova og sette i verk spesialpedagogisk tiltak tidlegare enn normalt. Dersom den eine pedagogen har ansvar for tiltaka kring eit barn med særskilde behov, vil den andre kunne følge opp resten av barnegruppa. At pedagogtettleiken blir auka vil slik sett komme alle barna til gode, men særleg dei som av ulike årsaker treng meir støtte.

Les også: Her dansar dei BlimE-dansen

Første gong eg høyrde lovnadar om to pedagogar per avdeling i Førde var då eg byrja å studere i 2009. 1 løpet av 2013 skulle nemleg pedagogtettleiken i Førde aukast. No er året 2015 snart omme utan at særleg fleire enn Vieåsen barnehage kan skryte av den pedagogtettleiken som er nødvendig. På paneldebatten som Utdanningsforbundet Førde arrangerte 01.09.2015 i forkant av kommunevalet, var politikarane unisont samde i at to pedagogar per avdeling høyrdest svært fornuftig ut. Dette måtte satsast på! Men dessverre hadde ingen pengar. Difor ber eg no politikarane tenke seg om endå ein gong. Lytt til barnehagelærarane, til forskinga og til fornufta. Utan å auke barnegruppene, treng vi fleire pedagogar i barnehagen! Først då kan vi for alvor byrje å arbeide i mot den kvaliteten som krevjast for å vere best i landet.

Frå mitt perspektiv vil eg hevde at vi har langt igjen før vi kan kalle oss best.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags