Nei til Bompengar i Sunnfjord!

NEI: Steffen Savland står på liste for Partiet dei Kristne til kommunevalet i Sunnfjord kommune. Han er mot meir bompengar, og det er partiet hans også.

NEI: Steffen Savland står på liste for Partiet dei Kristne til kommunevalet i Sunnfjord kommune. Han er mot meir bompengar, og det er partiet hans også. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDet er verkeleg inspirerande å høyre om dei over 700 frå Gaular som sa nei til bompengar. Enda meir blir det når kommunen der seier nei. Det kan hende at det same hadde hendt utan folket sitt nei, men eg vil gjerne tenke at det hadde innverknad. Sjølv er eg Naustedøling, men snart vil både eg og Gaularane dele den same kommunen, Sunnfjord. Midt i ligg byen Førde, ein by med ein 26 kroner høg bom-mur.

Det vi i Sunnfjord kan vere glade for, er at det ikkje er like ille som i Bergen eller Oslo. Men utan motstand, for eksempel slik som ein såg i Gaular, så er det i den rettninga det kan gå. Det er ikkje greitt. Vegar er noko nesten alle får gode av, uavhengig om ein er bilist eller ikkje. I mange tilfeller går også bompengar til andre ting enn nettopp vegane: I beste fall til kollektiv, i verste fall rett i lomma til bompengeselskapa.

Nokon gonger er det miljø-aktivistar som får bestemme, som vil «straffe» bilistane fordi dei treng bil for å køyre til jobb eller skule. I tillegg er det slik at uansett om ein er rik eller fattig, eller kor ofte ein må køyre, viss ein har bil, så betalar ein så å seie det same. Det er heilmaks for dei rike, men ikkje så bra for dei som ikkje har så mykje. At det er folk som prøver å leve med det vesle dei har, medan nokon tek 50 – 100 kroner dagen frå dei, enten som «straff» eller for eiga nyttelse, er skammeleg.

Som sagt, eg har trua på at gaulværingane som sa nei hadde innverknad på Gaular kommune sitt nei til bompengar. Uansett så er det også ein ting som verkeleg har innverknad, det å røyste. Til hausten så er det kommune- og fylkestingsval, det fyrste der eg kan røyste i. Sjølv så er eg listefyll for Partiet Dei Kristne i Sunnfjord, og akkurat som meg, så er PDK eit parti som er NEI til bompengar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags