BOB vil bygge nytt og ta vare på det eksisterande i Førde

Murihagen med omlag 69 bustader på Bergum får salsstart i 2021, skriv Liv-Judit Straume, Regiondirektør, BOB, Førde

Murihagen med omlag 69 bustader på Bergum får salsstart i 2021, skriv Liv-Judit Straume, Regiondirektør, BOB, Førde Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.BOB har ambisjonar om å byggje fleire nye bustader i Førde og omland for dei 5000 medlemmane i regionen vår. Men det er like viktig for oss å bidra til god drift og rehabilitering av dei 4000 bustadene BOB allereie har i Nordvest.

Odd Skrede er ein engasjert BOB-medlem. I eit lesarinnlegg i Firda 18. november 2020 etterlyser den tidlegare forretningsføraren (leiaren) i Førde Bustadbyggelag meir bustadbygging i Førde frå BOB. Det er alltid interessant å få innspel til BOB si vidare satsing i regionen.

Då BOiVEST (tidlegare Sogn og Fjordane Bustadbyggelag) fusjonerte med BOB (tidlegare Bergen og Omegn Boligbyggelag) i 2014, vart medlemmane del av Vestlandets største boligbyggelag. Fusjonen ga burettslaga i området tilgang på økonomisk, teknisk og juridisk bistand. Kvar dag hjelper BOB sine økonomiske rådgjevarar og tekniske byggdriftarar BOB-medlemmar i regionen. Vi bidrar såleis til at det skal vere trygt å bu i alle dei eksisterande 124 BOB-burettslaga i tidlegare Sogn og Fjordane fylke.

Odd Skrede hevdar at BOB ikkje har bygd noko nytt i Førde på 10 år og stiller spørsmål ved kvifor ikkje BOB kjøper ein rekke ledige tomter og prosjekt i byen. I tiårsperioden har BOB ferdigstilt 53 leilegheiter i Førde og 28 bustader i Florø. I forhold til dei økonomiske musklane vi hadde i første del av tiårsperioden, er vi tilfredse med det. Vi er no til liks med Skrede utolmodige etter å byggje meir i regionen. Men som tidlegare leiar av eit bustadbyggelag, veit Skrede at det tek tid å vurdere aktuelle tomter og regulere bustadområde. Nokre av tomtene vi vurderer, blir av ulike årsaker ikkje realisert. Vi skal heile tida vurdere kva som er best for eigarane våre, BOB-medlemmane.

I motsetnad til mange private utbyggjarar, sel ikkje BOB leilegheiter før vi har den kommunale reguleringa på plass. Det skal være trygt å kjøpe hos BOB, og alle planer skal vere godkjent slik at du veit kva du får. For Murihagen på Bergum, der vi planlegg omlag 69 bustader, er framdrifta så rask som mogeleg. Rundt årsskiftet håpar vi å få endeleg reguleringsplan godkjent. Når rammeløyve deretter blir gitt, er vi klare for rask salsstart.

Men BOB gjer altså meir enn å byggje nye bustader! Som bustadbyggelag skal vi som nemnt også forvalte eigedomane og bistå styra i burettslaga med å gjere det trygt og godt å bu i laget. I tillegg skal vi gje fordelar til BOB-medlemmane. Odd Skrede stiller spørsmål om kva verdi medlemskapet har. Svaret er enkelt: Den aller viktigaste medlemsfordelen i eit bustadbyggelag er forkjøpsretten på brukte og nye bustader. BOB er Norges tredje største bustadbyggelag, med 70 000 medlemmer. Medlemmane har ikkje berre forkjøpsrett på BOB sine bustader i region Nordvest og elles i BOB sitt område, men på 90 000 bustader i heile Norge gjennom det etablerte samarbeidet med andre store bustadbyggelag. Slik kan BOB-medlemmar i Førde og omland få tilgang på nye og brukte bustader både borte og her heime. I tillegg får alle BOB-medlemmar andre fordelar som gjer det rimelegare å bu og leve.

BOB sitt regionkontor har god aktivitet. I perioden etter at BOiVEST fusjonerte med BOB, registrerte vi at fleire tidlegare BOiVEST-medlemmar kjøpte BOB-bustader i Bergen på forkjøpsrett. I tida etter fusjonen har talet på medlemmar med bustadadresse i regionen auka med 13 prosent.
Fordi Førde og regionen er viktig for BOB, gjennomførte vi nyleg ei omdømmemåling med hjelp frå Norstat. Der skåra bebuarane i Førde høgt på at BOB er ein påliteleg aktør. Dette motiverer oss til vidare arbeid – med nye bygg, men ikkje minst med å ivareta dei bustadene BOB allereie har bygd i den flotte byen vår.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken