Brann og redning i Jølster vert svekka i Sunnfjord kommune

BEREDSKAP: Brannkorpset i Jølster rykkjer ut ved meldingar om brann, trafikkulykker, hjartestans, ras og andre alvorlege hendingar. Årleg er det kring 40 ulike alarmar/utrykkingar i Jølster, av desse er 10–15 relatert til brann/røykutvikling, skriv artikkelforfattarane.

BEREDSKAP: Brannkorpset i Jølster rykkjer ut ved meldingar om brann, trafikkulykker, hjartestans, ras og andre alvorlege hendingar. Årleg er det kring 40 ulike alarmar/utrykkingar i Jølster, av desse er 10–15 relatert til brann/røykutvikling, skriv artikkelforfattarane. Foto:

Av
DEL

LesarbrevOrdførar i Jølster, Oddmund Klakegg, gav tidleg i mars i år, uttrykk uro om framtidig beredskap i Jølster i nye Sunnfjord kommune. Som tillitsvalde for brannmannskapet i Jølster deler vi uroa.

25. mars oversender prosjektleiar Østenstad eit brev der han greier ut om korleis han ser for seg beredskapen både innanfor lege, kommunalteknisk og brann/redning. Østenstad konkluderer i brevet med at beredskapen i Jølster, særleg innan brann og redning vil bli styrka i Sunnfjord kommune. I Firda 13. april, vart saka framstilt som ei gladsak, utan at noko form for motførestilling eller kritiske spørsmål. Ingen frå brannkorpset i Jølster vart invitert til å kommentere saka i avisa.

Som tillitsvalde i brann og redning i Jølster kan vi ikkje slutte oss til konklusjonen i brevet om at beredskapen i Jølster, innanfor brann og redning vert styrka i Sunnfjord kommune. Vår klare haldning er at ny organisering ikkje vil styrke beredskapen, men at den i realiteten vert svekka.

Brann og redning i Jølster er i dag bygd opp rundt stasjonar på Vassenden og på Skei.

På kvar stasjon er det ein stamme på 12 godt kvalifiserte og engasjerte brannfolk som er tilsette i 1 % stilling i Jølster kommune. I stor grad er dette systemet basert på godvilje og frivilligheit.

Mannskapa rykkjer ut så sant det er mogleg og ein er innanfor fornuftig nærleik. Ved ein alarm er desse klare til å sleppe det dei held på med, for å hjelpe folk og dyr i naud. Det er ingen som lever av ei stilling på 1 % og alle har fullt arbeid utanom. Mange av desse 24 har sitt daglege virke utanfor kommunen, slik at tilgangen på mannskap vil variere mykje gjennom døgnet. Særleg på dagtid, kan det vere få mannskap att i Jølster.

I tillegg til desse 24, er det 4 personar med brannutdanning og erfaring på leiarnivå, som deler på ei døgnkontinuerleg befalsvakt (innsatsleiar). Den vakthavande er alltid på plass i Jølster og er klar til å rykke ut til ei kvar tid. Desse 4 deltek i beredskapen utanom vaktvekene. Dette sikrar at leiing av innsatsen raskt vert etablert på skadestad. Leiarane i Jølster kjenner oss og vår kompetanse og det er gjensidig tillit mellom oss. Samstundes er omfanget av årlege utrykkingar såpass stort at leiarane kan vedlikehalde og utvikle sin kompetanse.

Brannkorpset i Jølster rykkjer ut ved meldingar om brann, trafikkulykker, hjartestans, ras og andre alvorlege hendingar. Årleg er det kring 40 ulike alarmar/utrykkingar i Jølster, av desse er 10–15 relatert til brann/røykutvikling.

Jølster har ei særleg utfordring knytt til vegane gjennom kommunen. Stamvegane nord/sør (E39) og aust/vest (RV5). Det er stor trafikk og særleg strekninga Klakegg – Fjærland er utsett for ulykker. På denne strekninga er det også mange og lange tunnelar, som aukar risikoen og utfordringane for brannvesenet.

Prosjektleiar Østenstad slår i brevet av 25.03 fast at beredskapen innanfor brann og redning i Jølster vert styrka i Sunnfjord kommune. Dette grunngjev han med at det skal tilkomme meir personell til styrken som er knytt til Skei stasjon. Det som er noko meir uklart i brevet, er om talet på mannskap på Vassenden skal aukast.

Spørsmålet om leiarvakt i Jølster er også svært mangelfullt beskrive, og vi kan ikkje sjå at konsekvensane av bortfall vert kompensert.

Skilnaden mellom beredskap og vakt er ganske enkelt at i ei vaktordning sit det ein person leiarutdanna brannmann klar i Jølster til å rykke ut så snart alarmen går. Beredskap inneber at personell rykkjer ut så sant det er mogleg og at ein er i nærleiken. For oss som skal hjelpe skadelidne er dette ein stor forskjell. Vi er kjende med at det i innleiande rundar er gjort framlegg om å behalde vaktordning i Jølster, men signala vi som tillitsvalde får, går klart i retning av at det berre vert beredskap att i kommunen.

Det vert sagt frå prosjektleiar Østenstad at ein skal få leiarstøtte frå Førde, men det er nok mest ønsketenking. På dagtid vil det ta 48 minutt frå Førde til Skei og meir enn 1 time frå Førde til Fjærlandstunnellen/Stardalen. På kveld/natt vil utrykkingstida auke med 7–8 min.

Om det skulle dukke opp leiarstøtte frå Førde på ein skadestad i indre del av Jølster, vil det meste vere over før vedkommande dukkar opp. Det vil berre vere i heilt spesielle tilfelle, at ein vil svekke beredskapen i Førde, for å sende leiarstøtte til Jølster. Alle som har vore involvert i alvorlege hendingar, veit at dei første minutta er kritiske. Til tidlegare ein er i innsats, til større er sjansen for eit vellykka utfall.

Det vert også lokka med at det er lift i Førde. I Jølster har vi 2–3 bygg der lift kunne vere aktuell å nytte ved brann. I desse bygga er det innført særlege førebyggjande branntiltak, slik at nytta av lift er avgrensa.

Mannskapa i Jølster har høg kompetanse og er vande med å løyse tøffe utfordringar på skadestad. Ein ser det likevel slik at utfordringane vil bli større, når ein ikkje lenger kan lite på at det vert eit kvalifisert befal/utrykkingsleiar med på utrykking. Presset på det frivillige mannskapet vil auke monaleg, og kommunikasjon med alarmsentral og dei andre naudetatane vert vanskeleggjort. Samla sett vil dette, slik vi som tillitsvalde ser det, klart svekke beredskapen i Jølster.

Den organiseringa ein her legg opp til er akkurat innanfor minstekrava til DSB, men det er ei klar svekking av dagens brann og redning i Jølster. Om dette vert ståande, er det ei politisk prioritering.

På lenger sikt kan dette medføre ytterlegare svekking av eininga, gjennom framtidig utfordring med å rekruttere frivillige mannskap. Dette er ikkje i innbyggjarane si interesse.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags