Svar til Steinar Ness

PARTIPOENG: Mykje tyder på at Steinar Ness prøver å skåre nokre billige partipoeng på denne saka, skriv stortingsrepresentant for Høgre, Frida Melvær.

PARTIPOENG: Mykje tyder på at Steinar Ness prøver å skåre nokre billige partipoeng på denne saka, skriv stortingsrepresentant for Høgre, Frida Melvær. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Steinar Ness frå Senterpartiet var, ikkje uventa, raskt ute med å knyte den pågåande ambulansesaka i Helse Førde til regjeringspartia. Mykje tyder på at han prøver å skåre nokre billige partipoeng på denne saka.

Steinar Ness verkar ikkje å vere særleg godt opplyst om Akuttmedisinforskrifta frå 2015. Eg kan difor starte med å vise til kapittel 3 «Ambulansetenesten» som innleier med § 10. «De regionale helseforetakenes ansvar for ambulansetjenester».

Organiseringa av ambulansetenesta står styret i Helse Førde med andre ord heilt og fullt ansvarlege for. Eit ansvar dei har hatt både før og etter 2015. At Steinar Ness plasserer ansvaret i denne saka på regjeringspartia er i beste fall å undergrave Helse Førde si sjølvstendige avgjerdsmynde og dei ansvarsoppgåvene som ligg til helseføretaket.

Akuttmedisinforskrifta § 11 «Bemanning og helsefaglig kompetanse i ambulansetjenesten» viser at helseføretaka har fridom til å gjere tilpassingar i sitt val av organisering.
«Ambulansebiler som utfører oppgaver etter denne forskriften skal vere bemannet med tilstedevakt. Unntak kan gjøres der det er et lågt antall akuttoppdrag pr. år og ambulansen kan vere bemannet innen forsvarlig tid etter varsling.»

Helse Førde sitt dekningsområde kan reknast inn under siste del av dette avsnittet, men styret har valt ein modell som legg opp til «tilstedevakt» med færre og større stasjonar.

I motsetnad til Steinar Ness har både Askvoll kommune og andre kommunar som blir råka av omorganiseringa, profesjonelt nok, retta sine kritiske synspunkt til rett adressat.

Eg er nokså sikker på at folk i Askvoll og HAFS-regionen er godt kjende med kva eg meiner i denne saka. Eg har dei same synspunkta som eg hadde i 2016 då eg sjølv stod midt oppe i denne kampen.

Helse Førde har ikkje gjort vedtak i strid med lov og forskrift, men i Askvoll er det ei kjend sak at vedtaket lèt etter seg seg eit svært fragmentert og krevjande beredskapsbilde, auka responstid, utryggleik og svært mange spørsmål som det ikkje er gitt svar på.
Den viktige rolla ambulansebåten i Askvoll har hatt i mange ulike beredskapsoppdrag, var noko dei samarbeidande beredskapsaktørane særleg la vekt på i høyringa i 2016. Ingen av desse støtta ei nedlegging av båten. Helse Førde sitt styre valde å sjå bort frå desse innspela.

Helse Førde gjer svært mykje bra på mange område, og dei aller fleste kjenner seg godt tatt i vare som pasientar. I denne konkrete saka vil Helse Førde likevel ha ei krevjande oppgåve med å gjenopprette tilliten hos Askvoll kommune og folka som bur der. Eg håpar oppriktig at det er noko som vil verte lagt stor vekt på framover.

Med omsyn til Lavik og Bremanger har Helse Førde, så vidt eg kjenner til, ikkje endeleg konkludert.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags