Helse Førde, ambulansebåt og økonomi

Øyfolket både i Askvoll og Solund er nok for lite dramatiske i sin veremåte, dei er vane med å klare seg sjølv, skriv artikkelforfattaren.

Øyfolket både i Askvoll og Solund er nok for lite dramatiske i sin veremåte, dei er vane med å klare seg sjølv, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Askvoll mista først ambulansebilen, og no mistar vi også ambulansebåten. For lite brukt, seier leiinga i Helse Førde. Alle som ser kor ofte båten frå Solund kjem til Askvoll med pasientar som kunne vore henta med vår eigen båt, medan den ligg stille ved kai, veit at dette er ein bevisst og styrt politikk for å «bevise» at det ikkje er behov for nokon båt i Askvoll. Når så dette vert påpeika overfor leiinga i helseføretaket er det ingen der som kjenner seg igjen, ein arroganse som nesten toppar leiarlønningane deira.

Det ein derimot høyrer svært lite om er den utrulege ressursbruken Helse Førde har i alle mindre uhell som skjer rundt omkring i trafikken. Vi kan stadig lese «alle naudetatane rykte ut, politi, brann, to ambulansebilar og ambulansehelikopter. Den involverte er tilsynelatande oppegåande».

Det er berre ei lita grøftekøyring eller ein litt stor parkeringsbulk som skal til før heile bøtteballetten fyrer opp blålysa. Ein kan nesten fornemme ein slags realityserie der action er viktigare enn fornuftig ressursbruk. Men dette vert sjølvsagt forsvart med at innringaren har gitt dramatiske skildringar av situasjonen.

Øyfolket både i Askvoll og Solund er nok for lite dramatiske i sin veremåte, dei er vane med å klare seg sjølv.

Dette kostar samfunnet store summar. Pengar ein heller kunne brukt på å ikkje berre behalde, men forbetre tenestene i område som ligg litt utanfor bomringen i Førde. I staden byggjer dei ned. Og med slik arroganse i leiinga er det dessverre ikkje anna å vente.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken