Ambulanseskyss i Utkant-Noreg

Av
DEL

LesarbrevEg har no lese bra mykje i «Firda» om ambulansebåt-tenesta i Askvoll, eller manglande slik teneste. Vi kan vere samde om at dette ikkje er godt nok. Men no har vi då fått distriktsminister. Kva er det ho skal gjere på?

Og Askvoll har til og med høgreordførar.

Så vidt eg har skjønt, har Sogn og Fjordane to stortingsrepresentantar frå nettopp Askvoll. Dei sit visst nokså stille i båten.
Er det ikkje på tide at dei stiller opp for veljarane sine og for folket sitt? Kva skal vi med dei elles? Høgrestyret er vel som venta, men vi må likevel undrast på folk som framleis vil ha det.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags