Kva meiner Frida Melvær?

AMBULANSE: Er Frida Melvær samd med kommunestyret i Askvoll i ambulansesaka, eller er også hennar eigen ordførar prega av negativitet og svartsyn? spør artikkelforfattaren.

AMBULANSE: Er Frida Melvær samd med kommunestyret i Askvoll i ambulansesaka, eller er også hennar eigen ordførar prega av negativitet og svartsyn? spør artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Ambulansetenesta er eit av mange tilbod som folk busett i Distrikts-Norge kjempar for. Ambulanse, politi og brann/redning er viktig for folk sin tryggleik, liv og helse. Kritikk av denne sentraliseringspolitikken vert som regel møtt med overflatiske påstandar om at folk er negative og humørlause.

Regjeringspartia sin sentraliseringspolitikk har også nådd stortingsrepresentant for Høgre Frida Melvær sin heimkommune Askvoll. I kommunestyret stod Høgre i spissen for eit krassare vedtak om dette enn framlegget frå administrasjonen la opp til. Eit samrøystes kommunestyre uttalar m.a.:

«Ein ser at tettstadar vert prioritert framfor distriktet. Det vert lagt opent opp til større ulikskapar mellom tettare bebygde strøk og stadar der det bur færre menneske. Dette vert spesielt godt synlig i HAFS området. Tilbodet i HAFS/Askvoll kommune vert endå meir marginalisert med både nedlegging av Lavik-ambulansen og nedlegging av ambulansebåten i Askvoll (…)».

«Problemet er at vi her ikkje snakkar om ein pakkepost som kjem ein dag for seint, konsekvensen for brukarane kan vera redusert livskvalitet og i verste fall død. Askvoll kommune vil på det sterkaste ta avstand frå dei konklusjonane som HF har kome fram til når det gjeld reduksjonar i ambulansetjenesta».

Høgres ordførar i Askvoll Ole Andre Klausen seier til Firda følgande om vedtaket om nedlegging av ambulansebåten: «Det er rett og slett ein tragedie».

Er Frida Melvær samd med kommunestyret i Askvoll i denne saka, eller er også hennar eigen ordførar prega av negativitet og svartsyn?


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags