Behandling av innbyggjarforslag

PERSPEKTIV: For å sette antall signeringar, stemmer, som dette innbyggjarforslaget fekk, litt i perspektiv vel eg å samanlikne det med antall stemmer dei politiske partia fekk ved valet i Fjaler i 2019, skriv artikkelforfattaren.

PERSPEKTIV: For å sette antall signeringar, stemmer, som dette innbyggjarforslaget fekk, litt i perspektiv vel eg å samanlikne det med antall stemmer dei politiske partia fekk ved valet i Fjaler i 2019, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevHistorisk kommunestyre torsdag!?!
Torsdag skal Fjaler kommunestyre ta stilling til eit innbyggjarforslag, truleg for første gang i historia. Etter kommunelova § 12.1 må eit innbyggjarforslag oppfylle visse kriterium, som at minst 2 prosent innbyggjarane, må stå bak. Innbyggjarforslaget som vart fremja til formannskapsmøtet 5. mars klarte kravet på 2 prosent med god margin, på ca. eit døgn.

Torsdag skal kommunestyret ta stilling til om innbyggjarforslaget gjeld kommunens verksemd, noko det absolutt gjer etter lovas definisjon.

For å sette tal signeringar, stemmer, som dette innbyggjarforslaget fekk, litt i perspektiv vel eg å samanlikne det med tal stemmer dei politiske partia fekk ved valet i Fjaler i 2019. (sjå bildet).

Innbyggjarforslaget fekk 210 «stemmer» med ein «valkamp» på ca. eitt døgn. Hadde innbyggjarforslaget vore et parti hadde det blitt det fjerde største i kommunevalet i fjor. Det seier ikkje lite om kor stor støtte det fekk av innbyggjarane i heile Fjaler.

So eg håpar at Fjaler kommunestyre tek dette signalet på alvor og vel å realitetshandsame innbyggjarforslaget !!!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags