Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Det er på tide med ei kvalitetsreform som gir eit betre barnevern for barn, unge og deira foreldre.
Fellesorganisasjonen (FO) organiserer mange tilsette i barnevernstenesta. Her er fem tiltak vi meiner vil skape eit betre barnevern:
1.Rett til hjelp
FO krev at alle barn som har behov for det må ha rett på hjelp frå barnevernstenesta. Slik er det ikkje i dag. Stortingspolitikarar må difor bestemme at ei ny barnevernslov skal vere ei rettslov for barn. Dette er grunnleggande for ei kvalitetsreform i barnevernet.
2.Nok tilsette
FO vil ha ei barnevernsteneste kor dei tilsette får gjort ein god jobb. FO si barnevernsundersøking frå 2015, viser at ca. 80 % av tilsette i kommunalt barnevern opplever at ein for stor arbeidsmengde hindrar dei i å gjere ein god nok jobb. Det er alvorleg. Vi krev difor ei rettleiande bemanningsnorm som gir den tilsette nok tid til å gjere ein god jobb. Difor bør ikkje dei tilsette ha ansvar for fleire enn 9-15 barn kvar samtidig. Kvifor vil ikkje politikarane ha ei bemanningsnorm i barnevernstenestea når dei vil ha det i skulen og barnehagen?
3.Kvalifiserte tilsette
FO meiner at det må vere kompetansekrav for å kunne jobbe i barnevernstenesta. I dag finnes ingen slike krav. Kommunane kan tilsette kven dei vil. FO vil at det skal lovfestast kompetansekrav i ny barnevernslov. Heilskaplege og gode barnevernsfaglege vurderingar og avgjerdslar er det barnevernspedagogar og sosionomar som gjer best. Desse profesjonane er dei einaste som har ein utdanning som fullt ut kvalifiserer til å jobbe i barnevernstenesta.
Det vil finnes sosionomar og barnevernspedagogar som ikkje er egna til å jobbe i barnevernet. Difor vil vi at barnevernspedagogar og sosionomar skal ha autorisasjon, på linje med helsepersonell. Ein autorisasjon vil bidra til å sikre kvalitet - både i barnevernet og i andre tenester.
4.Rett til ettervern
Vi i FO ønskjer at ungdom i barnevernet må få ein lovfesta rett på ettervern. Vi veit at unge med barnevernsbakgrunn i mykje større grad enn andre strever med vaksenlivet. Dei har blant anna auka risiko for helseproblem, tidleg død og for å bli trygdemottakarar. Dei som har hatt ettervernstiltak klarer seg betre enn dei som ikkje har hatt det. Difor er eit godt ettervern ein føresetnad for å bidra til gode vaksenliv for barn og unge som får hjelp frå barnevernet.
5.Meir pengar
FO krev at det prioriterast pengar til å ruste opp barnevernet. Det er fortsatt behov for fleire øyremerka midlar til nye stillingar i barnevernstenesta. Meir pengar er nødvendig for at barn i barnevernet skal få den hjelpa dei har rett på, og for at dei tilsette skal få gjort jobben sin på ein god måte.
Eit betre barnevern kostar. Vi får ikkje eit betre barnevern enn det vi betaler for. Kor lenge skal barn, foreldre og tilsette få unngjelde for politikarane si ansvarsfråskriving?
Ved valet 11. september kan du stemme på eit regjeringsalternativ som vil prioritere ei solid satsing på barnevernet.
Godt val!