Barn lever og ofte i hard vêr

Kritikk: Tilsette i barnevernet skal gjere avgjerder i vanskelege og i akutte situasjonar. Dei vert kritiserte når dei grip inn og når dei ikkje grip inn, skriv Nordhaug.Foto: Bent Are Iversen

Kritikk: Tilsette i barnevernet skal gjere avgjerder i vanskelege og i akutte situasjonar. Dei vert kritiserte når dei grip inn og når dei ikkje grip inn, skriv Nordhaug.Foto: Bent Are Iversen

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Per Storegjerde har eit innlegg 31. mars som er eit svar på FO Sogn og Fjordane sin artikkel om Barnevern i hardt vêr frå 18. mars. Han hevdar her at Kommunal Rapport har vist til omlegging i Kongsberg som hadde redusert plassering vekk frå foreldre med 90 prosent. Kongsberg var i mange år på topp med fosterheimsplasseringar, så når dei no har redusert desse ein del så er dei framleis over stoda i kommunane i Sogn og Fjordane.

I jobben min driv eg rettleiing og opplæring av barnevernstenester i heile region vest i deira arbeid med vald og seksuelle overgrep. Når Storgjerde kommenterer Kongsberg så trengst tala hans å justerast litt.

Det er reduksjon i eksterne fosterheimar på 90 prosent, fosterheimar i nettverk og familie er auka nokså mykje, så det er ikkje slik at 90 prosent færre bur heime hjå foreldre. Nettverk her er familie, utvida familie, fadder, naboar, tilsette i skule eller annan tilknyting til barnet. Per Storegjerde har derfor feilskrive innhaldet i prosenten, og i avsnittet over i innlegget sitt forstår eg kvifor.

Han seier barnevernet er i hardt vêr fordi dei har ein praksis der born vert rivne ifrå foreldre og plasserte i fosterheim, ofte etter «mellombelse akuttvedtak» som i mange tilfelle er uforståelege.

Når barn vert plassert akutt er det for å sikre liv og helse. Krava i lova er streng og vert overprøvd av Fylkesnemnda sin dommar/jurist. Det skal gjerast i løpet av 24 timar eller etter helg. I helga er det politijurist som gjer vedtaket om barnevernsleiar ikkje er på jobb. Om det var fare for liv og helse på tysdag, kan den faren vere over på onsdag og då skal barn heim att, men på ein slik måte at foreldre og barn tar minst mogleg skade. Så kan foreldre klage på avgjerda til rettsinstansar. Då kjem det opp til behandling i tingrett og med moglegheit for anke til lagmannsrett. Likevel tek det så lang tid at tiltaka då går mot anten tilbakeføring til foreldre eller plassering i nettverk eller ekstern fosterheim.

Då er det full behandling i Fylkesnemnda som er å forstå som ein «spesialdomstol» for barnevern. Både barnevern og foreldre kan anke avgjersler der til tingrett, lagrett og til Høgsterett. Per Storegjerde må altså ha stor mistillit til rettsinstansane sine vedtak i slike saker, sidan han seier at mellombelse akuttvedtak i mange tilfelle er uforståelege sjølv om dei vert bekrefta av rettsinstansar.

I Sogn og Fjordane er det ofte gjennomført familieråd som har vore Kongsberg sin metode for å endre praksis for fosterheimsplassering, men eg er av den meining at det kunne vore gjennomført meir. I saker der det er gjort sannsynleg at det finst vald eller seksuelle overgrep vil ikkje familieråd hindre akuttplassering, men kan komme inn i val av løysingar etter akuttplasseringa.

Nedgang på akuttvedtak er og eit ønskje, men er ikkje noko Kongsberg har går spesielt inn i. Barnevernet kan gjere ei aktiv rolle fagleg for å hindre akuttplasseringar. Ved å gå inn i familien og arbeide med den krisa som oppstår etter avdekking av til dømes vald og seksuelle overgrep kan dei redusere risikoen for barn ved å verte verande i familien.

Mange barnevern i Sogn og Fjordane bruker slike metodar i akutte situasjonar, men det er ikkje enkle avgjerder, og det som vert sett på i media og synsarar som uforståeleg, er kanskje meir forståeleg for dei som kjenner alle fakta.

Endringa i Kongsberg gjer og at Fylkesmannen i sitt siste tilsyn der fann at barnevernet i seks av ni meldingar ikkje på god nok måte dokumenterte si avgjerd om korleis forstå meldinga: Seks av de ni gjennomgåtte meldingar er lagt bort utan at barnevernsfaglege vurderingar er tilstrekkeleg dokumenterte. Fleire av desse meldingane inneheldt opplysningar om vald i nære relasjonar, rus/psykisk liding og/eller alvorleg samværskonflikt.

Det er viktig at barnevernets arbeid er transparent. Dei representerer samfunnet sin rett om å bry seg med kva som skjer i familien. Då må dei ha eit mandat. Dei tilsette i barnevern skal gjere avgjerder i vanskelege situasjonar og i akutte situasjonar. Vald og seksuelle overgrep er nokre av dei vanskelegaste situasjonane barnevern står oppe i. Dei vert kritisert når dei grip inn og når dei ikkje grip inn.

Barnevern arbeider inn mot sårbare menneske i sårbare situasjonar. Av foreldre som har kontakt med barnevernet er det over 70 prosent som har stor tillit til barnevernet, det er altså høgare tillit til barnevern hjå dei som er brukar av tenesta, enn i allmenta og hjå Storegjerde.

I ei sak der ein baby døde fekk helsetenester, Nav og andre kritikk fordi dei ikkje melde eller heldt opplysningar tilbake. Med vinklingane media gjer i slike saker, kan dei høgne terskelen for å gripe inn med melding til barnevernet. Fylkesmannen seier at hadde barnevernet på siste heimebesøk før guten døyde visst det helsetenestene visste, ville dei teke barnet ut frå familien. At nokon så ville seie at det var ei komplett uforståeleg avgjerd, må dei finne seg i.

Likeins i saka der ein tenåring døydde kring nyttår. Fylkesmannen har kritisert barnevern for ikkje å ha gripe inn, men hadde dei gripe inn hadde det vore mange som hadde sagt at det var komplett uforståeleg.

At Per Storegjerde trur at bevisførsel i retten og i Fylkesnemnda av slike avgjerder er komplett uforståelege, betyr at han trur han veit noko, utan å kanskje å vite det vesentlege som desse instansane får vite.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken