Barnevernet er ofte i eit kritisk søkjelys. Kritikken har to ytterpunkt: Enten gjer vi for lite for seint eller for mykje for tidleg. På individnivå kan sjølvsagt begge deler vere korrekt. Dette innlegget skal ikkje handle om det.

Truleg har ein del av kritikken som kjem også sitt utspring i at barnevernet sitt samfunnsmandat kan vere noko uklart. Det kan faktisk og vere uklart for oss som jobbar i tenesta.

Mi erfaring er ikkje at det er i møte med foreldre og born dei største utfordringane oppstår. Det er ikkje desse møta som tappar ein for energi, og som fører til at ein av og til kan bli motlaus. Tvert i mot er det ofte desse møta som gjer at ein ser det som formålstenleg å halde fram å jobbe i barnevernet si førstelinje.

Då er det vesentleg større utfordring å skulle takle sprikande styringssignal og eit stadig aukande byråkrati som er drive fram gjennom lovverk, rundskriv og retningslinjer. Det er ikkje uvanleg at forventningar og styringssignal kan opplevast å stå direkte i motstrid til kvarandre. Av og til kan ein få ei oppleving av å gå i to retningar samstundes.

På den eine sida skal vi ha fokus på relasjon og brukarmedverknad. Ja, til og med kjærleik er kome inn som eit omgrep i lovverket. På den andre sida opplever vi eit auka byråkrati med krav til dokumentasjon, rapportering og tidsfristar som skal følgast. Det jobbast med å innføre standardisering og pakkeforløp. Og skal ein rettleie foreldre, må det sjølvsagt skje etter evidensbaserte metodar som følger strenge manualar.

Det vert forventa at vi aktivt brukar Familieråd for å løyse ut ressursane som finnast i nettverket rundt familien. Vi skal og komme tidleg inn for å førebyggje omsorgssvikt. Samstundes er vilkåra for å melde til barnevernet ganske strenge. Lovverket definerer og vilkår som skal vere innfridd for at vi kan sette inn hjelpetiltak. Samstundes vert det ofte forventa at barnevernstenesta kan bidra med alle tiltak som eit barn og ein familie kan ha nytte av. Alle som jobbar i kommunalt barnevern har vel kjent på forventningane om at vi skal vere både eit «risikobarnevern» og eit «velferdsbarnevern».

Tek eg ikkje heilt feil ligg det og føre eit framlegg om at barnevernstenesta si rolle i det generelle førebyggjande arbeidet skal «tonast ned». Det skjer samstundes som at vi blir sett på som ein sentral aktør i arbeidet med tidleg innsats.

Kvar for seg er det lett å argumentere for alle desse styringssignala. Men, når dei skal utøvast i praksis vert det straks meir utfordrande. Når forventningane går i alle retningar, vil det vere svært kompetanse- og ressurskrevjande å kunne innfri alle desse.

Kanskje det er på tide å diskutere kva mandat barnevernstenesta skal ha? Når det vert forventa at vi skal vere gode på alt, er det stor fare for at det er det motsette som skjer.

Og til alt overmål ser det ut som den store barnevernsreforma som er varsla i 2020 ser ut til å ende opp med lite anna enn at kommunane skal få eit større betalingsansvar for barnevernstiltak der staten og er ein aktør.