Ein pinne for framtida

NATUR: I naturbarnehagen er naturen leikeplass, og det finst ingen masseproduserte leikar. Barna blir aktørar i eige liv og påverkar det som gir meining for dei, skriv artikkelforfattaren.

NATUR: I naturbarnehagen er naturen leikeplass, og det finst ingen masseproduserte leikar. Barna blir aktørar i eige liv og påverkar det som gir meining for dei, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Kronikk
Hugsar du då du var liten og leikte med pinnar, eller gjekk rundt med steinar i lommene dine? Om dagens barn fekk gjere meir av det, ville dei blitt utrusta til å redde verda.

«Lov meg ein ting: Du må aldri gløyme kor viktig pinnane er for barna, Hilde». Eg nikka attkjennande og smilte til denne pappaen. Som ny høgskulelektor for barnehagelærarstudentar hadde eg planar om å gå rundt med ein trebit i lomma, berre for å minne meg sjølv på kva som eigentleg hadde verdi, frå eit barneperspektiv. Likeeins, minne meg sjølv på kva barnehagekultur eg kom ifrå, der eg gjennom mange år i lag med andre hadde sansa, erfart, notert og justert retninga for naturbarnehagen.

Her er naturen leikeplass, og masseproduserte leikar er fråverande. Erfaringa frå denne barnehagetypen har overtydd meg om ein ting: Barn som veks opp i nær kontakt med naturen får ein særskilt type klokskap og styrke. Dei forstår meir om verda, og er samstundes både meir audmjuke og meir handlekraftige i møte med den, enn andre barn. Diverre er nærkontakt med steinar og pinnar blitt sjeldnare og sjeldnare kost i dagens digitaliserte og unaturlege barndom.

Naturbarnehagen var berre nokre veker gammal, og eg sat på ein stokk ved bålet i duskregnet, omkransa av høge grantre ute i skogen. På den andre sida av bålet sat ein gut på fire og spikka på ein pinne. Han hadde lært seg å spikke over tid, meistra teknikken det var å legge krafta på rett plass, vende eggen bort frå seg sjølv, med kontrollerte, små og forsiktige rørsler. Likeeins visste han at kniven måtte handsamast i respekt og leggast fint på plass etter bruk. Han spikka, skapte noko sjølv, og var stolt av det. Truleg kjente han lukta og fukta av emne i handa, høyrde bålet som knitra. Aktiviteten og materialet hadde han sjølv valt, utan styring frå vaksne.

Brått stoppa han opp, såg meg inn i auga og sa: «Dette er ikkje tullball. Dette er på ekte». Eg blei fylt av takknemlegheit over erkjenninga frå denne vesle guten, og blei sitjande mållaus ei lita stund.

Kritiske røyster til «berre» å nytte naturmateriale og skogen som miljø for barna, hadde ikkje vore fråverande. Men etter kvart fekk vi i naturbarnehagen ei kjensle av at dette er rett. I naturens rolege omgjevnader, borte frå stress, små rom og høge lydar, er det også lettare å sanse signala som barna gir, og ikkje minst: få med seg kva som betyr noko for dei. Og i den frie leiken her, borte frå gruppedeling, pålagde aktivitetar og krav, blomstrar dei og blir sjølvstendige.

Hei, vent, vi har ikkje tid! seier du kanskje. Men det er feil – vi har massevis av tid. Vi kan la barna finne seg til rette og få rom til å utforske. Men er det ikkje for lite der ute å leike med, for få sjansar til å utfalde seg? spør du kanskje så. Nei, det er ikkje lite i det heile teke – tvert imot er det ein uutømmeleg rikdom av ting i naturen. Og det barna ikkje greier lage sjølve, skaper dei som scene-bilde i eigne tankar, heilt utan kostnad. Orda må takast i bruk, slik andre skal forstå kva dei meiner - ikkje så dumt for utviklinga, det heller.

Barna blir aktørar i eige liv og påverkar det som gir meining for dei. Leikene og rommet skaper desse barna sjølve, ved å ta ein pinne, ei rot, ein stein og skape det i sitt bilde, som ein avtale mellom pinnen og eigen fantasi. Då spør dei ikkje etter meir - eller kanskje treng dei ei boks.

«Har du ei boks? Vi må ha den, no». Eg forstod straks kva det handla om. Dei fleste barna som oppheld seg mykje i naturen, elskar insekt. Å fange dei i boksar, finne ut kva mat dei likar, telje bein, finne hovud og studere dei, er ein favorittaktivitet. Vaksne seier ikkje at det her skal du lære om no, men det blir lagt til rette for at dei skal oppdage denne gleda sjølv.

Om dei lærer å vere nær insekta, bli vener med dei, får interesse for dei, kan det vel vere at dei òg er meir opptekne av å bevare dei? Likeeins, alle plantane og trea, livssyklusen deira, som i ein naturbarnehage kan observerast gjennom heile året. Frå varm vårsol og spirar, grøne blad og blome, lauv, til fargerike blad, så visne blad som fell bort. Kva skjedde? Barna ser, luktar, leikar, set ord på og observer miljøet, og får ei forståing av at dei er ein del av det.

Nabbiperler, frisørutstyr, legeartiklar, bilar og plasteple blir overflødige. Personalet anerkjenner i staden den usynlege, berekraftige skapingsprosessen til barna. «Dokke vaksne forstår ikkje at det vi barna opplever er på ekte», sa eit av barna ein dag. Eg tenkte at det hadde barnet rett i: Vi er som regel ikkje gode nok til å ta perspektivet deira. Vi lesser dei ned med leiker dei ikkje har bedt om og overprøver deira eigne påfunn med nye aktivitetar.

Gjennom mange år i skogen med barna, er mi erfaring at «gir» du dei naturen, tek dei fleste initiativet til aktivitet, etter litt fartstid der. Barna blir friviljuge kulturberarar av haldningar og verdiar, like mykje som vaksne. Dei eldste barna blei etter kvart «influensarane» og påverka dei mindre barna til å sjå verdien i naturen som leikeplass.

Nokre av barna treng starthjelp, om vi vaksne ikkje har gitt dei nok tid ute. Eigenaktivitet i naturen har blitt til noko framandt for mange barn. I dag skal dei aktiviserast. Her misser vi ideane og mangfaldet barn har liggande i seg. Dei er små skaparar alle saman, og då bør vi vere forsiktige med å fylle dei med ferdige idear – men heller hjelpe dei til å bere fram sine eigne idear og kultur.

Forelderen eller barnehagelæraren må vere rollemodellen som tek barna med ut kvar dag og viser dei alternativet til forbrukarsamfunnet. Dette skjer ikkje ved sporadiske besøk i naturen. Greier du dra dei fine orda ned til pinnane i skogen, har du kanskje sådd spiren til viktige haldningar for framtida.

Til slutt handlar dette kanskje om kva samfunnsborgarar det er vi vil vere med på å danne: Kven skal dei vere når dei er ferdige i barnehagen? Og når dei ein dag blir vaksne? Berre fine ord strekk ikkje til, ein må også handle i praksis. Ein pinne kan vere så mykje, også for framtida.

Forskingsdagane

  • Forskingsdagane er eit årleg, nasjonalt arrangement med mål om å bringe forsking ut til folket
  • I år er tema for Forskingsdagane «Miljøklemma»
  • I samband med dette har fagfolk ved Høgskulen på Vestlandet skrive kronikkar med miljø som tema
Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags