Kommers for småjenter

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL
Vi som er så heldige at vi er ein del av nettverket til små ungar, kanskje spesielt små jenter, må vere på vakt for triksa til superkremmarane innanfor barneunderhaldningsindustrien. Disneyfilmen Frost, vurdert som middelmådig av mange norske filmmeldarar, toppar no lista over innbringande animasjonsfilmar, både i billettinntekter og inntekter frå såkalla merchandise – varer knytt til filmen. Til og med Innovasjon Norge er med på laget til denne pengemaskina. Filmteamet blei påspandert gratis tilgang til norsk og samisk kultur som inspirasjon, og norsk reiseliv jublar for Norgesreklamen som filmlandskapet (kanskje) antydar.

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar. 

Det neste er at Frost skal til Broadway og Frost 2 er på trappene. Alt dette gjer det sjølvsagt vanskelegare for gode nordmenn å ikkje la seg forføre av Elsa og Anna (gode norske namn) i alle samanhengar. Det er bilde av dei på mjølkesjokoladen vi kjøper som laurdagsgodt, på blåse-boble-boksen og på hårbørsten. Pledd, akebrett, plaster og tannpleieprodukt med Frostmotiv kan gjere livet til småjenter meir magisk ...

Som bestemor kjenner eg meg midt i målgruppa for gigantspekulasjonen. Sjølv om eg har ei viss erfaring frå opposisjon til Hello Kitty, er eg som besteforeldre flest både spandabel og lettlurt, og vil ikkje spolere magien. Men eg saknar i historia eit forbilde også for gutar. Er det ikkje så lett å tene pengar på dei? Og når småjenter blir store, kan dei kjøpe Elsakjolar som brudekjolar! Superkremmarane er nådelause mot jenter. Vi som er bestemødrer må skjerpe oss, støtte foreldra, og ikkje vere sløve i møtet med kommersen. Magien finst overalt der vi leitar.

Som bestemor kjenner eg meg midt i målgruppa for gigantspekulasjonen

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken