Barn må beskyttast mot seksuelle overgrep

Overgrepssakene som no blir avdekka i «Dark Room» syner at vi må jobbe meir for å beskytte barn mot seksuelle overgrep, skriv Skulstad Wangen.Foto: Simen Sundfjord Otterlei/NRK/NTB Scanpix

Overgrepssakene som no blir avdekka i «Dark Room» syner at vi må jobbe meir for å beskytte barn mot seksuelle overgrep, skriv Skulstad Wangen.Foto: Simen Sundfjord Otterlei/NRK/NTB Scanpix Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Overgrepssakene som no blir avdekka i «Dark Room» syner at vi må jobbe meir for å beskytte barn mot seksuelle overgrep.

Ein av dei største overgrepssakene i Noreg rullast no opp i det som blir kalla operasjon Dark Room. Redd Barna synas det er bra at politiet har avslørt desse kriminelle nettverka, og at dei grove overgrepssakene blir oppdaga. Men vi fryktar at slike saker berre vil halde fram med å dukke opp i Noreg om vi ikkje startar å jobbe endå meir med å sikre at førebygging og avdekking av seksuelle overgrep mot barn blir sett i system.

Seksuelle overgrep mot barn skjer oftare og nærare enn vi trur. Det siste året har politiet her i vest avdekka fleire aktive nettverk der personar deler bilete og filmar av seksuelle overgrep mot barn. Fleire av deltakarane har forgripe seg på barn, og i tillegg produsert og utveksla materiale som syner overgrep mot barn. Over 50 personar er sikta så langt, i nesten alle politidistrikt i Noreg. Seksuelle overgrep er meir skadeleg enn vi gjerne trur – om ikkje barn blir sett, høyrt og trudd. Kvar einaste dag er det barn som opplever å bli utsett for overgrep frå nokon dei har stor tillit til, ein i familien, ein nabo, ein lærar, ein trenar eller nokon andre i nærmiljøet deira, eller barn blir kontakta via nettet. Ikkje alle tør fortele kva dei har blitt utsett for.

Barn må få kunnskap om seksuelle overgrep. Barn må få vite at ingen har lov til å utsette dei for overgrep, verken fysisk eller via nettet, og at det aldri er deira skuld. Dei må få vite kva dei skal gjere om dei opplever seksuelle overgrep sjølv eller kjenner nokon som opplever det. Dei må vite at dei kan fortelje det til ein vaksen dei stoler på.

Vaksne som jobbar med barn og som møter barn kvar dag over tid, som til dømes lærarar og tilsette i barnehagar, har ei særs viktig rolle i å førebyggje og avdekke overgrep mot barn. Dei kan gje barna kunnskap og dei kan sjå teikna. Difor må dei ha kunnskap om seksuelle overgrep, og rutinar og beredskapsplanar for kva dei skal gjere når dei har otte for eit barn.

Det er politikarane sitt ansvar å legge rammene for ein trygg oppvekst for alle barn. Men det er få kommunar i Noreg som har ein eigen handlingsplan mot seksuelle overgrep. Redd Barna meiner alle kommunar må lage ein handlingsplan mot seksuelle overgrep mot barn, og sikre at vaksne og barn får kunnskap og at kommunen, inkludert alle skular og barnehagar, veit kva dei skal gjere når dei mistenker at eit barn blir utsett for overgrep.

Dette må forankrast nasjonalt og vere eit krav til kvar enkelt kommune. Saker som omhandlar vald og seksuelle overgrep må få høg prioritet hos politikarane og hos politiet. Både gjennom SN sin konvensjon om barns rettar og gjennom barnelova er styresmaktene forplikta til å verne alle barn og unge i Noreg. Likevel er det alt for mange barn og unge som blir utsette for overgrep. Slik skal det ikkje vere. Om vi skal sikre at barn er trygge og blir beskytta, må førebygging og avdekking av seksuelle overgrep bli sett i system og settast på dagsorden.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken