Bankane våre viser samfunnsansvar

MERKELEG: Eg har ingen behov for å skryte ukritisk av bankane, men kritikken om ikkje å utvise samfunnsansvar i desse tider er merkeleg, skriv Rolf Sanne Gundersen i dette inlegget..

MERKELEG: Eg har ingen behov for å skryte ukritisk av bankane, men kritikken om ikkje å utvise samfunnsansvar i desse tider er merkeleg, skriv Rolf Sanne Gundersen i dette inlegget.. Foto:

Av
DEL

LesarbrevEit lite virus har ikkje berre gjort folk over heile verda sjuke. Det har stoppa nesten all normal forretningsverksemd og dei langsiktige skadeverknadene vil bli enorme, også i Sunnfjord. Aldri før har fleire vore permitterte i vår del av Vestland, og tala vil auke.

Det eine selskapet etter det andre har sendt ut varsel om permittering, og fleire andre har gjennomført permitteringar. Til og med dei som har investert i det sikre, altså eigedom, har tøffe tider. Leigetakarane kan ikkje lenger betale husleige, og då slit også huseigarane.

I ein slik situasjon har Sparebanken Sogn og Fjordane og andre bankar fått kritikk for ikkje å utvise samfunnsansvar. For ikkje å setje ned lånerenta fort nok, slik at kundane får ein utgiftsreduksjon på 3–400 kr i månaden. Jo, det er pengar, men eg forstår ikkje kritikken i lys av den situasjonen vi og resten av landet er i akkurat no.

Kva er det dei private selskapa treng i desse krisetider? Jo, ein bank som kjenner dei, som er tolmodige og som er innstilte på å hjelpe. Ein bank som tar samfunnsansvar i ein situasjon der næringslivet har mista grunnlaget for å drive, altså inntektene. Men for å kunne ta eit slikt ansvar må bankane vere rusta og ha ein solid kapitalbase. Elles vil også bankane slite, etter kvart.

Rolf Sanne-Gundersen er dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling

Rolf Sanne-Gundersen er dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling Foto:

Sparebanken Sogn og Fjordane er den banken som har flest bedriftskundar i gamle Sogn og Fjordane. Sparebanken Sogn og Fjordane er ein stor bank i vår del av fylket, men ein liten bank i Norge. Det er offentleg kjent at dei var ein tung aktør inn i prosjekt Loen Skylift. Eit fantastisk gondolprosjekt i Loen som fleire tunge aktørar lokalt, nasjonalt og internasjonalt var med å finansiere. Starten på gondolprosjektet gjekk over all forventing.

No står gondolen stille. Hotellet er stengt, til liks med alle andre hotell. Arrangement er avlyst. Turistsesongen står i fare. Loen Skylift og alle andre går ei tøff tid i møte fordi dei ikkje har inntekter. Det vil også bankane merke.

Loen Skylift er berre eit døme. Sparebankane våre, anten dei er blå eller raude i logoen, har ein lang tradisjon i å vere med lokalt næringsliv å byggje forretning i Distrikts-Norge.

Sjølvsagt får dei og fortener dei av og til kritikk for å vere for opptekne av risiko. Stille for strenge krav til eigenkapital. Men den situasjonen som har oppstått no er ekstraordinær. Bankane blir kvar dag kontakta av bedriftskundar som har utfordringar. Også dei kundane som vanlegvis ikkje har særleg kontakt med banken sin fordi dei driv ein heilt ok forretning. Ein frisør til dømes. I Førde har vi mange frisørar. Alle måtte stenge på grunn av korona. Inntektskrana vart brått stengt igjen for å unngå spreiing av viruset.

Ei nødvendig handling for å unngå at fleire blir sjuke, men ein dramatisk situasjon for frisørane. Kven tenkjer på dei i desse tider? Jo, sjølvsagt kundar med ettervekst og ein uryddig manke, men det hjelper ikkje ein frisør utan inntekt. Bankane må tenkje på frisørane fordi dei er og har vore gode kundar, nokre av dei i mange år. Lojale og ukompliserte kundar som plutseleg treng hjelp.

Eg har ingen behov for å skryte ukritisk av bankane, men kritikken om ikkje å utvise samfunnsansvar i desse tider er merkeleg. Vi har sparebankar som bruker gåvemidlar eller midlar via stiftinga til å finansiere lag og organisasjonar. Kva hadde idretten, kulturlivet og mange andre vore utan desse midlane? Små lag i ei grend som treng midlar, eller Sogndal Fotball, folkemusikkfestivalen, Malakoff og mange andre. Også vi i Sunnfjord Utvikling har stor nytte av sparebankane, både den med etternamnet Vest og den som heiter Sogn og Fjordane. Dei har begge involvert seg med midlar til prosjekt som skal løyse viktige samfunnsproblem. Til dømes rekruttering.

Men i desse tider handlar det om å hjelpe bedrifter med å halde hovudet over vatnet. Eg veit kor mange bedriftseigarar, store og små, som slit i desse dagar. Som er fråtekne inntektsgrunnlaget. Som ikkje kan betale husleige, løn eller andre kostnader. Desse treng hjelp. Desse treng bankane. Vi treng sterke og robuste bankar som kjenner næringslivet vårt. Som veit at vi treng kvart eit selskap, kvar ein arbeidsplass i ein del av fylket med store demografiske utfordringar. I ein slik samanheng blir ei rentenedsetting på 400 kroner i månaden lite, og i alle fall ikkje grunnlag for å seie at bankane ikkje tek samfunnsansvar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags