Gå til sidens hovedinnhold

Samfunnsansvar igjen

Artikkelen er over 3 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Takk til Trond Teigene for greitt svar i Firda 16.02.

Eg er innforstått med at Sparebanken Sogn og Fjordane er ein mektig samfunnsaktør i fylket, og har også fått med meg at "finansialisering" er ein internasjonal trend: kapitalsterke finansinstitusjonar får auka makt i samfunnsutviklinga.

Poenget mitt er at ein utkantkommune som Askvoll har sterkare behov for ein bankfilial enn for alle slags sympatiske kompensasjonar som f.eks. dagsturhytter, sjølv om både dette og andre store og små bidrag til kultur- og fritidsaktivitetar er svært velkomne. Då tenkjer eg ikkje først og fremst på eldre folk utan bil og nettbank, men på arbeidsplassar og alle aktivitetar ein slik institusjon genererer. Nedleggingar av viktige tilbod gjer det meir tungvint for alle som bur her, og mindre attraktivt å busetje seg i utkantbygdene. Og vi må vel gå ut frå at det også er i storsamfunnet si interesse at vi er her.

Kommentarer til denne saken