Eit lite sjokk vart resultatet, då Sparebanken Sogn og Fjordane kravde 50 kroner i gebyr for eit kontantuttak. Banken vil, som andre bankar, gjerne ha tak i pengane våre. Men dei har lite å skryte av når det gjeld å gje oss rente på innskota, ifølge ei oversikt i bladet Pensjonisten. Som besteforeldre har vi stor glede av å kunne gje barnebarna våre litt pengar til gebursdagar, til jul, og no litt feriepengar. Vil banken ta frå oss denne gleda?

Eg er synshemma, og ikkje i stand til å bruke betalingskort. Skal eg på butikken for å handle, må eg ha kontantar. Kvifor skal eg måtte svi for det? Inntektene strøymer inn hos Sparebanken. Men å ta gebyr for at vi tek ut våre eigne pengar, er ein småleg måte å berike seg på.

Skriv lesarbrev i sommar og vinn 2000 kroner