Balansekunsten å feire

KAKE: Visst er Teater Vestland, til liks med resten av bransjen, glad for at regjeringa snudde i spørsmålet om korleis landets kulturliv skal finansierast. Men kaka og songen var til ære for to herremenn som er ganske så uforskyldte midt oppi det heile, skriv desse tre. Frå venstre: Margunn Grytten Selvik (direktør), Rasmus Mo (styreleiar) og Bodil Kvamme (teatersjef).

KAKE: Visst er Teater Vestland, til liks med resten av bransjen, glad for at regjeringa snudde i spørsmålet om korleis landets kulturliv skal finansierast. Men kaka og songen var til ære for to herremenn som er ganske så uforskyldte midt oppi det heile, skriv desse tre. Frå venstre: Margunn Grytten Selvik (direktør), Rasmus Mo (styreleiar) og Bodil Kvamme (teatersjef). Foto:

Av
DEL

LesarbrevEtter at kulturminister Abid Raja og regjeringa 5. mai bestemte seg for å skrinlegge kulturreforma, sit vi att med det overraskande spørsmålet: Kven åt Teater Vestland kake for?

Dei som såg nyheitene på NRK same kvelden, blei fortalde at Teater Vestland feira avgjerda med kake og song. Her har nok rikskringkastinga tatt ein snarveg. Visst er Teater Vestland, til liks med resten av bransjen, glad for at regjeringa snudde i spørsmålet om korleis landets kulturliv skal finansierast. Men kaka og songen var til ære for to herremenn som er ganske så uforskylde midt oppi det heile.

Kaka var bestilt eit par dagar før for å feire høvesvis 60-årsdagen og 70-årsdagen til to av teaterets tilsette. NRK var kjent med dette, men i redigeringa har nok NRK kome i skade for å klippe vekk sjølve grunnen til kakefesten.

Det kan skape eit vrengebilde av kva denne saka handlar om.

Regjeringa har bestemt seg for å ikkje gå vidare med forslaget om å overføre meir ansvar for kulturområdet til fylkeskommunane. Dagens finansieringsmodell held fram, det vil seie ei tredelt finansiering mellom stat, fylkeskommune og kommune.

Kulturminister Abid Raja peikte på to grunnar til retretten: Massiv motstand i fagmiljøet og manglande semje mellom landets fylkeskommunar.

Ein samla bransje ønskte å behalde dagens fordelingsnøkkel, og sjølvsagt er vi glade for at vi no er blitt lytta til.

Det betyr ikkje at vi er misfornøgde med eigarane våre. Tvert om. Teater Vestland er eigd av Vestland fylkeskommune og Sunnfjord kommune, og vi er veldig glade for eigarane våre og den gode dialogen vi har med dei.

Motstanden mot kulturreforma baserer seg på klare manglar ved forslaget, manglar som vi og ein samla bransje har peikt på under heile prosessen, og som kulturministeren og regjeringa no også anerkjenner. Den baserer seg ikkje på noko mistru mot Vestland fylkeskommune og Sunnfjord kommune.



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags