Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Avinor er ein av fleire offentlege etatar som i dei siste tider har gått til sjølvskading, d.v.s. at ein har overskride grenser som ikkje møter forståing og aksept hos innbyggarane, personar og organisasjonar som skal nytte tenestene.
Tidlegare har vi funne det positivt og kreativt med Avinor sine evner til å skaffe seg inntekter til flyplassdrift der ein ikkje vert heilt avhengig av politikarane sine svingande påfunn. Spesielt Oslo lufthamn utviklar seg stadig meir til eit gedigent kjøpesenter, og eg støttar sjølv flyplasstrukturen ved spesielt å handle kvoten av legale rusmiddel. Men enno har ikkje dei norske flyplassane fått karakteren av Barcelona, der eg hadde svare strev med å finne att flyselskapa. Det viktigaste kan kanskje vere å halde rikspolitikarane vekke frå flyplasstrukturen i Noreg, for då hadde desse fort starta med å skulle sikre oss «robuste flyplassar», og av dei har vi berre fire: Oslo, Stavanger, Bergen og Trondheim – dei kan leve av flyavgiftene åleine.

Fly forbanna på betalingssystemet på Bringeland. – Vi var 15 stykk som ikkje fekk betalt. Det var ein uverdig situasjon
Parkeringsavgifter for å sette att bilen har vi også lært oss å leve med, jamvel om vi samstundes har sett at takstane har gått ganske bratt oppover prisstigen. Derimot har avlevering og henting av passasjerar på ein flyplass vore ganske romsleg, og vi sleppte å telje minutta heilt slavisk. Men denne våren kom ei endring med kameraovervaking og bilfotografering, der vi berre fekk inntil 10 minutt på oss å verte fotografert på veg ut att. Dette har vekt mange reaksjonar i opinionen, for det er gjerne forhold utanfor vårt herredøme og vilje: seint innkomande fly, reisande med hjelpetrong grunna helse, hjelp til framandfolk som har fått endringar i flyreiseopplegg.

Skriv lesarbrev i sommar og vinn 2000 kroner
Det er helst komisk at vi i vår familie har innført ein praksis ved avhenting ved Førde lufthamn der vi stiller oss nedi bakken og ventar på at flyet har landa, før vi køyrer forbi fotoovervakinga. Det er ikkje fordi vi ikkje har råd til å betale, men vi finn det urimeleg og grådig av Avinor. Er vi rett uheldig med store forseinkingar, kan vi risikere at kostnaden for henting nærmar seg prisen på ungdomsbilletten hos Widerøe.
Akkurat no har vi ei reklamasjonssak hos Apcoa Parking (driftsselskap for Avinor). Etter eit europeisk møte i Elnesvågen 23. mai skulle eg sette av eit par tyskarar ved Molde lufthamn, men måtte hjelpe desse ved SAS-desken etter melding om kanselleringar hos Lufthansa/Eurowings frå Oslo til Hamburg og Frankfurt. Det tok litt tid, men eg trudde å ha kome ifrå det med minutta til rådvelde, og eg synest at situasjonen ikkje var dei reisande si skuld, men heilt nødvendig tid for omrømming. På vår registrerte kundeside hos Apcoa Parking kikka vi ikkje etter om det låg nokon faktura, der ein kan betale utan gebyr innan 2 døgn. 2 døgn er også for knapt når ein er på reise. Deretter går det til papirfakturering (med fakturagebyr).
Så no i juli kom det endeleg ein overraskande papirfaktura med purregebyr. Då vart eg klar over at det hadde gått med 12 i staden for inntil 10 minutt (kr 49) + papirfakturagebyr (kr 50) + purregebyr (kr 70). No har purregebyret vorte ettergitt, fordi Posten hadde returnert første papirfaktura, grunna for knapp postadresse (den heilt nye vegadressa her på bygda mangla). Men vi har klaga også på fakturagebyret av prinsipielle årsaker: vi ser ikkje at vi hadde grunn til å gå inn og leite etter ein faktura på kundesida, og kanskje har han aldri vore der. For kundesidene er mangelfulle, nokre fakturaer dukkar ikkje opp, og historikk på betalingar finst ikkje eller kan vere der berre delvis.
Uventa fakturaer som dukkar opp lenge etter ei tenestereise gjer at enkelte tilleggskostnader ikkje kjem med på ei reiserekning, og er i praksis umoglege å dekke inn overfor eksterne oppdragsgivarar, så då får ein det som privatkostnad i ettertid. Før var ei parkeringsutgift ei automatkvittering som vi enkelt fekk med oss frå flyplassen, utan alskens etterspel.
Nyordninga kompliserer flyreisene våre, gir fleire saker å kaste vekk tid på, reduserer reisegleda. Nokre reiser må vi alltid gjennomføre i arbeidslivet, men gir oss mindre lyst på fritidsreiser. Og då har Avinor fått til det miljøvernet ikkje har oppnådd, truleg å ta ned ein del på flytrafikken.