Av og til er det for seint å snu

Omsyn til utbyggjar si inntening var viktigare enn å minske ulempene for nærmiljøet på Lutelandet. I staden må alle no innsjå at «point of no return» er passert. Mange både dugande og velmeinande lokalpolitikarar må i framtida ha klar mange flaue orsakingar, skriv artikkelforfattarane.

Omsyn til utbyggjar si inntening var viktigare enn å minske ulempene for nærmiljøet på Lutelandet. I staden må alle no innsjå at «point of no return» er passert. Mange både dugande og velmeinande lokalpolitikarar må i framtida ha klar mange flaue orsakingar, skriv artikkelforfattarane. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Ordførar i Fjaler, Kjetil Felde, vert i Bergens Tidende 03.05.2020 sitert på følgjande: «Vi hadde aldri sagt ja til bygging av vindkraftverk på Lutelandet hvis planene hadde kommet på bordet i dag.»

Truleg har både lokal– og fylkespolitikarar sett på utbygging av vindkraft på Lutelandet som ein veg til både inntekter og arbeidsplassar. No står ein att med eit par arbeidsplassar, ein varig skada natur, og kanskje nokre småpengar i eigedomsskatt. I tillegg ser ein at eksisterande næringsliv ikkje vil utvikle seg slik det kunne utan vindturbinane. Artikkelen fortel at hyttebygginga har stogga opp, industriområdet slit med ulemper frå vindindustrien og eigedomane taper seg i verdi. Ulempene ved vindkrafta kan føre til fråflytting i nærområdet. Det er dette ein kallar tap opp og tap i mente.

Problemet for fleirtalet av Fjaler-politikarane er lett å sjå. I snart eit par tiår, har draumen om industri og arbeidsplassar på Lutelandet vore sterk i Fjaler. Det eine prosjektet etter det andre har forsvunne. No vart vindkraftverket det einaste som stod att. Med god hjelp av eit hjelpelaust lovverk og frie hender frå NVE, vart også desse planane endra til endå meir skadelege inngrep enn opphavleg medrekna. Når så forhandlingane om konstituering av kommunestyret etter siste val freda vindkraftutbygginga, har fleirtalet måla seg inn i eit hjørne. Ein skjønar at stemninga vert dårleg der.

Ingunn Kjelstad

Ingunn Kjelstad Foto:

Felde og Fjaler kommune hadde likevel ein utveg i vinter, då kommunedirektøren tilrådde politikarane å seie nei til dispensasjon. Kommunen hadde då ein sjanse til å berge både samvit og sjølvrespekt. Men omsyn til utbyggjar si inntening var viktigare enn å minske ulempene for nærmiljøet. I staden må alle no innsjå at «point of no return» er passert. Mange både dugande og velmeinande lokalpolitikarar må i framtida ha klar mange flaue orsakingar.

Men Fjaler kommune er ikkje åleine om å verte pressa av spekulantane i vindindustrien. Sunnfjord og Ytre Sogn er i lupa til fleire vindkraftutbyggjarar. Og dagens regjering gjer sitt for å gjere vindindustrien meir innbydande overfor kommunane. Heldigvis har både Fjaler, Gulen, Hyllestad, Høyanger og tidlegare Gaular (no Sunnfjord) kommune sagt klart nei til vindkraft i sine fjell. Trass i dette held vindindustrien fram med aktiviteten sin i desse kommunane.

For tida jobbar vindkraftutbyggjarane kontinuerleg mot grunneigarar i området vårt, organiserer og betalar for grunneigarlags-aktivitetar og set grunneigarar opp mot kvarandre. Det vert drive ei ustoppeleg lobbyverksemd mot både lokale og sentrale politikarar. Lokkemat som auka skatteinntekter til kommunane vert jobba vidare med sentralt. Agn, som medfinansiering av lokal infrastruktur, eller gevinstar for eksisterande næringsliv, vert lokka med lokalt - alt som kan vere lett å takke ja til når ein kommune slit med å få budsjetta sine til å gå i hop.

Kritiske spørsmål vert arrogant avfeia, eller for den del ikkje svara på. Dei som vil ta vare på naturen og miljøet vårt, gje våre etterkomarar eit land med sjanse til å utvikle aktive og levande bygder og tettstader, kan ikkje slappe av. Vi har sett nok av vindindustrien til å vite at lokalsamfunna og kommunane står att som taparane.

Einar Rysjedal

Einar Rysjedal Foto:

Dei politikarane som då får ansvaret, kan nok angre, men det kan vere for seint å snu. Vårt råd er: Steng døra med ein gong. Sterke krefter står bak vindindustrien. Krefter som driv rein spekulasjon i raske gevinstar, utan omsyn til naturen, lokalsamfunnet og menneska der. Vi såg nett at det oppskrytte Midtfjellet vindkraftverk på Fitjar gjekk med underskot i fjor, men betalar likevel 300 millionar kr i utbytte til eigarane (der tyske Aquila Capital er forvaltar på vegne av dei internasjonale hovudeigarane). Ordføraren i Fitjar var godt nøgd med 11 millionar i eigedomsskatt.

Vi forventar at våre politikarar er på vakt, tileignar seg kunnskap og erfaring med konsekvensane av vindindustrien, og ikkje let seg kjøpe av knappar og glansbilde.

Før kommunestyrevalet i haust, var det stor semje mellom partileiarane i Sunnfjord kommune om at vindkraftutbygging i denne kommunen var utenkjeleg. Vi får tru at utsagnet til Felde grunnfestar dette standpunktet i all framtid. Veljarane vil neppe setje pris på lovnadsbrot.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags