Nei til velferdsprofitørane, ja til nærdemokrati

Av
Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.NHO ved Jan Atle Stang har gått ut med kor mange kommunar dei vil ha i Sogn og Fjordane. Talet er fire, mot 26 i dag. I 2012 gjekk Stang ut med ei liknande forslag. Kva er det som gjer at næringslivet sin viktigaste organisasjon ivrar slik for større avstandar mellom folk og administrasjon/politikarar, og meiner at folk frå Bremanger og Høyanger må sitje i same kommunestyre? Grunngjevingane som blir brukt passar for sentrale strok, men ikkje eit grisgrendt fylke som vårt. Det er til dømes lett å sjå at eit pressområde som Osloområdet kan ha bruk for å sjå areal-, bustad- og transportpolitikken i ein større samanheng. I Sogn og Fjordane har vi heilt andre utfordringar. Her er NHO villig til å endre terrenget for å få det til å passe med terrenget, som Firda skriv på leiarplass.

NHO sin kommunesamanslåingsiver byggjer nok på heilt andre ting enn den skinnargumentasjonen som vert framført i avisene. Offentlege tenester er blitt ein del av næringslivet. Selskap som t. d. Aleris og Norlandia driv bl. a. sjukeheimar i kommunar der slike tenester er sett ut på anbod, og er medlemmer av NHO Service. Slike aktørar er sjølvsagt interesserte i auka kommersialisering av offentlege tenester, men det er vanskeleg å få til med den kommunestrukturen vi har i dag. Med større kommunar vert derimot marknadene også større, med lettare høve for velferdsprofitørane til å stikke sugerøyra sine ned i kommunekassane. Undersøkingar viser at dei tilsette ikkje har noko å tene på dette, men at lønene og pensjonane vert pressa nedover. Organisasjonen For Velferdsstaten har vist at di lengre Aleris har drive ein sjukeheim, di lågare er lønningane, og dei er mykje lågare enn i det offentlege.

I Askvoll SV seier vi nei til denne politikken. Vi ønskjer at pleie- og omsorgstenestene framleis skal verte drivne av det offentlege. Vi vil også kjempe for faste og heile stillingar innan eldreomsorga og oppvekstsektoren, noko vi meiner vil gje vinst i form av betre kommunale tenester.

I Askvoll SV vil vi arbeide for kommuneeiningar med kort avstand mellom politikarar/administrasjon og folk flest. Dersom det skal skje ein reformprosess må lokaldemokratiet sikrast. VI ønskjer å oppretthalde kommuneadministrasjon og -tenester i Askvoll så langt det let seg gjere, og ei eventuell kommunesamanslåing meiner vi må avgjerast med folkerøysting.
 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken