Omkamp i Askvoll

Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

MeiningarEg tenkte at eg skulle la vere å kommentere sutringa frå HAFS tilhengarane i Askvoll, men no greier eg det ikkje lenger. Det begynte med referat frå politisk pub på Holken, der i alle fall ikkje eg skjønte eit ord av kva dei eigentleg meinte, bortsett frå at dei var såra og vonbrotne. Så heldt det fram med ungdommar i Bergen som ikkje kunne flytte heim om det ikkje vert HAFS. Er det ikkje mogleg å starte ny verksemd her om ein ikkje har HAFS? Og vil Førde eller Jølster hindre Askvoll og Fjaler i å vere innovative og framtidsretta? Er det ikkje viktigare å ha jobb enn å sjå Dalsfjorden? Så til tysdagens Firda: Anita Søreide tek vikingane til inntekt for HAFS. Søreide seier: Vi som slektar frå vikingane, har « ei eiga kraft med fantastiske framtidsvisjonar» som visnar bort om det ikkje blir HAFS. Kor navlebeskuande går det an å bli? Vikingane vil truleg snu seg i grava.

Svein Boge sjikanerer ordføraren i sitt innlegg, og spør kva for mandat ho har! Jo, «den lokale despoten» som han kallar henne, blei altså attvald ved kommunevalet i haust. Med god margin og mange personlege røyster. Folkerøystinga skal ein heller ikkje bry seg om, ifølge Boge (og andre), for den var så «uklar», og det var så «vanskeleg» å ta stilling. Det er sjølvsagt synd at berre 50 % røysta; det må vel bety at folk ikkje synest saka er så viktig. Men elles var det ikkje vanskeleg å forstå alternativa. Og til dei som enno ikkje har forstått det: HAFS fekk altså færrast røyster! Folkerøystinga er rådgjevande og det er ordføraren si plikt saman med kommunestyret å velje vegen vidare. Kanskje Boge burde ha eit oppfriskingskurs i norsk lokaldemokrati?

Noko som undrar meg med innlegga dei siste vekene: Kvifor har dei komme no, etter folkerøystinga? Før folkerøystinga var det svært få som uttalte seg eller skreiv lesarbrev. Men no skal det tydelegvis vere omkamp.

Viss vi hevar blikket litt og tar ein titt på Sogn og Fjordane i fugleperspektiv: Kor stort er eigentleg Sunnfjord? Kor mange folk bur det her? Dette området er lite og sårbart i nasjonal samanheng uansett, og vi må styrke det med å stå saman. Eg trur Askvoll er tent med å gå inn i ein større kommune med Førde som sentrum og drivkraft.

Uansett utfall; la oss diskutere kommunesamanslåinga med saklege argument framfor såre kjensler.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags