Kva skjer i Askvoll?

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Fram til onsdag var eg sikker på at eg skulle flytte heim att når tida var inne. No er eg ikkje sikker lenger, skriv Andrea Helle Strømmen (24).

DEL

LesarbrevDebatten kring kommunesamanslåing har frå Haf(s)-sida i stor grad vore prega av fjalerbuarar. Både gjennom folkerøysting og media har dei gitt inntrykk av at det dei aller helst vil, er å ha askvollingane med seg på laget. Vi vert ønskte velkommen med opne armar. Men askvollingane er ikkje einige, og kommunestyret har no bestemt at vi skal vende oss mot storebror i aust. Storebror og venene, som snur ryggen til når den vesle kystkommunen kjem håpefull og vil vere med. Kva er det eigentleg som skjer?

Som utflytt askvolling er eg nøydd til å betrakte det heile frå sidelinja. På papiret er eg bergensar, men hjartet mitt ligg ved Dalsfjorden. Fram til onsdag var det ikkje tvil i mitt hjarte, eg ville flytte heim att. Men som så mange andre i min situasjon, hadde eg ikkje ei stemme når det heile skulle avgjerast. I ein diskusjon med ein gjeng heimanfrå, kom vi inn på ironien som ligg i akkurat dette: Vi er jo ein del av framtida til Askvoll. Den avgjerda som kommunestyret tok i går, er det vi som skal bu i Askvoll i framtida som må leve med. Utan at vi hadde ein sjanse til å påverke når det skulle avgjerast.

Fram til onsdag var eg sikker på at eg skulle flytte heim att når tida var inne. No er eg ikkje sikker lenger. Eg er bekymra. Bekymra for kva som skjer, dersom Askvoll blir den yttarste nøgne ø i ein svær SiS-kommune. Men kanskje endå meir bekymra for kva som skjer om det går den andre vegen, og SiS-kommunane gjer alvor av å lukke døra. Kor lenge går det før vi likevel må slå oss saman, utan høve til å leggje premissane sjølv?

Fram til onsdag var eg sikker på at eg skulle flytte heimatt når tida var inne. No er eg ikkje sikker lenger, skriv Andrea Helle Strømmen. Bildet er frå kommunestyremøtet i Askvoll på onsdag.

Fram til onsdag var eg sikker på at eg skulle flytte heimatt når tida var inne. No er eg ikkje sikker lenger, skriv Andrea Helle Strømmen. Bildet er frå kommunestyremøtet i Askvoll på onsdag. Foto:

Kva var eigentleg siktemålet med folkeavstemminga? Ein kostbar prosess, har vi fått høyre. Innbyggjarane fekk gjerne ei kjensle av å kunne vere med å påverke. Men har eigentleg politikarane høyrt på kommunen sin? Skal ein sjå på alternativa som enkeltståande, har innbyggjarane i min kommune sagt at dei vil stå åleine. Men kommunestyret har valt å sjå det på ein annan måte. Dei vil no gå vidare med andreplassen. Vi skal sjå mot Førde og SiS. Vil ikkje dei ha oss med, legg vi ballen død.

Korleis kan dei bestemme seg for dette? Heile premissen for å gå for SiS, må jo vere at ein ser samanslåingsalternativa under eitt. 60 prosent av innbyggjarane er for samanslåing i ei eller anna form. Då er det klart at ein skal setje SiS øvst, sidan det fekk flest stemmer. Eg likar det ikkje, men eg forstår det. Det eg verkeleg ikkje forstår, er kvifor ein ikkje ser Haf(s) som alternativ nummer to? Slik ville ein framleis fått til ei samanslåing, dersom det første alternativet fell gjennom. Det er framleis 60 prosent som har stemt for samanslåing. Har politikarane latt eigne kjensler få rå?

Askvoll er ein mangfaldig kommune. Vi har bygder langs to fjordar, som kjenner tilhøyre til forskjellige regionar. Vi har øyar, med innbyggjarar som allereie har lang veg til sentrale tenestetilbydarar. Kanskje er det på tide å sjå til grendene, og sleppe taket på kommunegrensene. Vi har gjort det før, og eg trur vi kan få det til igjen.

Eg har så inderleg lyst heim. Heim til ei bygd og ein kommune i vekst og utvikling, som tek initiativ og viser skaparvilje, utan å vente på nåde frå dei som er større og sterkare. Eg seier som det står på favorittkruset mitt: «Det er eitt feitt kor eg bur hen i verda, berre eg ser Dalsfjorden».  

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags