Areal til vindkraft langt større enn byar og tettstader

 LITE VEKTLAGT: Lokalt fatta demokratiske vedtak i vindkraftsaker vert i altfor liten grad vektlagt av NVE. I sum fører dette til minka tillit til dei avgjerder som vert tekne sentralt, skriv Høyanger-ordførar Petter Sortland.  Bildet er frå vindmølleparken på Smøla.

LITE VEKTLAGT: Lokalt fatta demokratiske vedtak i vindkraftsaker vert i altfor liten grad vektlagt av NVE. I sum fører dette til minka tillit til dei avgjerder som vert tekne sentralt, skriv Høyanger-ordførar Petter Sortland. Bildet er frå vindmølleparken på Smøla. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Høyringsuttale frå Høyanger kommune – konsesjonsprosessen for vindkraft på land. Syner til NVE sin rapport Nr 3/2020 «Konsesjonsprosessen for vindkraft på land».

Denne rapporten frå NVE kjem etter at OED «skrota» Nasjonal Ramme for vindkraft på land i 2019. Dette var eit dokument som engasjerte folk over heile landet, og det kom inn over 5000 høyringssvar til departementet.

Den nasjonale ramma peika på store areal i Høyanger kommune som særs godt eigna for vindkraft. Dette førte til eit stort lokalt og regionalt engasjement.

Høyanger kommune samarbeider med dei andre kommunane i område 18 og 19 i den nasjonale ramma for vindkraft.

Høyanger kommune vil gi uttrykk for at vi stiller oss bak KS sin uttale i denne saka. Vi stiller oss også bak innhaldet i Asplan Viak sitt fagnotat av 10.03.20, som omhandlar kommunane som arealplanmyndigheit når det gjeld lokalisering av større vindkraftanlegg.

Arealpolitikk har alltid vore konfliktfylt, der sterke interesser ofte står mot kvarandre. Vi har jobba systematisk med i dette i Noreg i over 100 år. Den første bygningslova vart vedteken i 1924. Etter 1986 har prinsippet vore at alle avvegingar mot krav i sektorlovverk skjer gjennom handsaming av arealplan etter plan- og bygningslova. Dette sikrar viktige prinsipp knytt til berekraftig utvikling, rett til medverknad, sektorsamordning, rettstryggleik, relevant kunnskapsgrunnlag og folkevald styring.

I NVE sin rapport frå 20. januar 2020 heiter det at «en behandling etter energiloven skal omfatte alle relevante krav i medhold av plan- og bygningsloven». Men faktum er at så lenge konsesjonar kan gjevast utan at det aktuelle arealet er planlagt i ein kommuneplanprosess, er det få relevante krav i PBL som vi gjelde for NVE og utbyggarar av vindkraft.
Høyanger kommune forstår ikkje kvifor ein skal unnta vindkraftutbyggingar frå normale planprosessar. Her syner vi til kapittel 3.2 i fagnotatet frå Asplan Viak.

Til no er det gitt 88 konsesjonar for vindkraft. Snittarealet pr. konsesjon er om lag 20 km². Det inneber at det i løpet av kort tid er gitt løyve til å omdisponere 1760 kvadratkilometer areal frå LNF-område til bygge- og anleggsområde for vindkraft. Dette er over 10 gonger så stort areal som det samla industriarealet i landet som er på ca. 168 kvadratkilometer. Det samla by- og tettstadarealet er på 1138 km². Det er altså langt større areal som går med til vindkraft, enn til både industri, by- og tettstadareal. Likevel er det gjort unntak for normal arealforvaltning av desse områda som gjeld vindkraftutbygging.

Når ein også veit at større veganlegg og jernbane, lufthamner og forsvarsanlegg, mineraluttak og større industrietabelingar er eksempel på arealtiltak som krev avklaring etter PBL, må det vere lov å spørje kvifor vindkraftanlegg ikkje skal kunne planleggast og gjennomførast på ein transparent og demokratisk måte via PBL? Den enklaste måten myndigheitene burde møte utfordringane i norsk vindkraftforvaltning på, er å presisere at arealavklaring for vindkraftanlegg skal skje gjennom kommunale arealplanvedtak etter PBL.

Når det gjeld sjølve konsesjonsprosessen vil vi påpeike at kommunane kjem altfor seint inn i prosessen. Det gjer også andre relevante interessentar og allmenta elles. Privatrettslege avtalar vert inngått utan innsyn, og dermed vert omfattande avgjerder tekne av få personar på vegner av allmenta utan ein grundig og opplysande debatt. Kommunane treng tid og rom for å få til gode innspel og bidra konstruktivt i prosessane.

Kommunane og innbyggarane opplever ofte at det er utfordrande å få tak i kva vurderingar som faktisk er gjort i dei ulike fasane av sakshandsaminga av vindkraftsaker. Vi erfarer at det stridast om det er naudsynt å gjennomføre konsekvensutgreiingar knytt til MTA og detaljplanar, samt førebuande konsekvensutgreiingar knytt til MTA.

Rask teknologiutvikling og det faktum at konsesjonane «lever evig» gir store avvik mellom informasjon gitt i handsaminga av sjølve konsesjonen, og innhaldet i godkjente MTA-planar. Dagen konsesjonsregime manglar transparents og krav til at innhaldet i søknaden skal kunne etterprøvast gjennom heile søknadsprosessen. Omgrep som «samla fordeler» vert lagt til grunn for vedtak, utan at dei i særleg grad er gjort greie for kva fordeler og ulemper som er vurdert og vektlagt.

Eit anna moment som vi vil peike på er at lokalt fatta demokratiske vedtak i vindkraftsaker i altfor liten grad vert vektlagt av NVE. I sum fører dette til minka tillit til dei avgjerder som vert tekne sentralt.

Rapporten frå NVE peikar på ei rekkje «forbetringspunkt» i høve til regional og kommunal medverknad. Då finn vi det oppsiktsvekkande at det er fylket / regionen som skal få handsame meldingar om nye vindkraftverk. Alle menneske i dette landet bur i ein kommune. Kvifor skal ikkje prosessen starte der folk bur, går til val, og vel sine tillitsvalde kvart 4. år – Kvifor er kommunane og deira demokratisk folkevalde «fritekne» frå denne oppgåva?


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags