– Arbeidsplassane må fyrst og fremst koma i privat sektor

Arbeidsplassane må først og fremst komma i privat sektor,  meiner Noralv Distad (H).

Arbeidsplassane må først og fremst komma i privat sektor, meiner Noralv Distad (H). Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Koronapandemien har ramma og rammar framleis personar, bedrifter og lokalsamfunn svært hardt. Bølgja er ikkje over, og me veit ikkje kor lenge det vil vara. Då er me veldig glad for å sjå at framtidsoptimismen og viljen til å satsa er større enn pessimismen. For nett no er det to ting som er viktig: Å halda fast på effektive smitteverntiltak, og å leggja til rette for verdiskaping med trygge og fleire arbeidsplassar.

Kva skal me leva av i framtida? Debatten starta før pandemien, men er no meir aktuell og påkrevd enn nokon gong før. Eitt svar har vorte tydelegare, arbeidsplassane må fyrst og fremst koma i privat sektor. Når jobbar i næringslivet er borte, ser me kor viktige dei er. Me treng solide og offensive bedrifter, gründerar og framtidsretta utdannings - og forskningsmiljø. Kartet over norsk næringsliv vil kanskje sjå annleis ut etter epedimien, men med mål om at det også vert betre og meir berekraftig både med omsyn til miljø og økonomi.

Politisk set me viktige mål om grønt skifte i transport og industri, meir heilårs reiseliv og berekraftig matproduksjon på land og i sjø. Politisk kan me leggja til rette for infrastruktur og økonomisk handlingsrom slik at offensive og omstillingsdyktige bedrifter kan ta måla over i praktisk handling.

Samstundes som me endrar oss, er det viktig å ikkje slå beina under aktivitet som betyr veldig mykje for arbeidsplassar og velferd. Olje- og gassnæring og ei solid reiselivsnæring vil framleis vera viktig, og lønsemd i desse og andre næringar er heilt nødvendig for å få fram ny teknologi, omstilling og investeringsevne.

Høgre har stor tru på Vestland. Fylket har store ressursar i natur, bedrifter og personar. Dette er grunnlaget for den vekstkraft me treng både under og ikkje minst etter pandemien.

Høgre vil prioritera tiltak som sikrar og skaper arbeidsplassar både på kort og lengre sikt. Difor prioriterer me investeringar i infrastruktur og kunnskap, og næringsretta tiltak som gjev rask effekt.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags