Mørkeblå angrep på vanskelegstilte

KONTAKT: Raudt Høyanger vil at dei i vår kommune som miste AAP ved årsskiftet og ungdomar som no blir plyndra for 66.000 kr, tek kontakt med oss for at vi i fellesskap kan finne ut kva vi skal gjere med dette, skriv Einar Rysjedal i denne artikkelen.

KONTAKT: Raudt Høyanger vil at dei i vår kommune som miste AAP ved årsskiftet og ungdomar som no blir plyndra for 66.000 kr, tek kontakt med oss for at vi i fellesskap kan finne ut kva vi skal gjere med dette, skriv Einar Rysjedal i denne artikkelen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDå vi runda nyttår og vi ønskte kvarandre nytt år, slutta NAV med utbetaling av arbeidsavklaringspengar (AAP) til 1650 menneske. Dei hadde då nådd den nye makstida som i 2019 blei redusert frå fire til tre år. Raudt Høyanger sitt årsmøte fryktar at dette også rammar innbyggjarar i vår kommune.

Arbeidsavklaringspengar er 66 prosent av tidlegare inntekt. Det skal vere eit vederlag for inntektstap medan det skal utgreiast om mottakarane kan gå tilbake til jobb eller bli uføre. Det som er gale, er at det er mange som ikkje har fått avklaring når makstida er overskriden.

Desse misser dermed denne mellombelse inntekta, sjølv om dei er ikkje er friske nok til løna arbeid. Resultatet er mange av desse uheldige menneska hamnar på sosialhjelp.

Men det mørkeblå stortingsfleirtalet har meir på gang. Frå 1. februar reduserer regjeringa minstesatsen for arbeidsavklaringspengar for personar under 25 år med 66.000 kroner i året (ein reduksjon til 133.000 kr i året), skriv Fri fagbevegelse.

Samtidig med dette, er vi vitne til at milliardæren Stein Erik Hagen klagar over at han betalar for mykje i skatt. Det skjer samtidig med at Skandinavia sine rikaste familiar snyt så mykje som tredjedelen av skatten dei skulle ha betalt, og at dei 300 rikaste familiane i Noreg har ei skjult utanlandsformue på mange titals milliardar kroner.

Det er rikeleg med eksempel på korleis den mørkeblå Solberg-regjeringa har bidrege med tilbakesteg. Dei rike har fått store skattelettar medan arbeidslause fått kutt i feriepengar, kronikarar har fått auka eigendelar og det er framleis opp til den enkelte kommunen om sosialhjelpsmottakarar skal få behalde barnetrygda.

Forskjells-Noreg har vore og er Raudt sitt angrepsmål nr. 1. Det blir tydelegare for stadig fleire at klasseskilja aukar og at klassesamfunnet ikkje er historie. Raudt Høyanger vil at dei i vår kommune som miste AAP ved årsskiftet og ungdomar som no blir plyndra for 66.000 kr, tek kontakt med oss for at vi i fellesskap kan finne ut kva vi skal gjere med dette.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags