Det er på tide med likeløn!

LØNNSGAP: Marthe Hammer, gruppeleiar Vestland SV og Vibeke Johnsen, kvinnepolitisk leiar Vestland SV meiner det er på tide å kutte lønnsgapet mellom kvinner og menn.

LØNNSGAP: Marthe Hammer, gruppeleiar Vestland SV og Vibeke Johnsen, kvinnepolitisk leiar Vestland SV meiner det er på tide å kutte lønnsgapet mellom kvinner og menn. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev24. oktober 2018 gjekk islandske kvinner frå arbeidet klokka 14:55. Klokkeslettet representerer skilnaden i løn mellom kvinner og menn dersom ein arbeider 9–17. Dette betyr at kvinner jobbar gratis ut året frå midten av november.

Det same lønsgapet finn ein også i Noreg. Dersom ein legg til grunn at alle jobba heiltid i 2018, tente norske kvinner 87,1 % av det menn tente. I snitt hadde menn over 6000 kroner meir i månaden enn kvinner.

Skilnadane i løn er størst for heiltidstilsette og dei med høgare utdanning. SV vil ha eit krafttak for likeløn i Noreg, endringa går altfor sakte og vi krev handling no.

SV arbeider for heiltid i staden for deltid, faste tilsetjingar og høgare organiseringsgrad for eit betre partssamarbeid. Å endre omfattande og systematiske skilnadar er eit kollektivt ansvar.

Vi treng eit krafttak for kvinneløn og likestilling. Vi vil ha ein lønspolitikk som byggjer på prinsippet om lik status og lik løn for arbeid av lik verdi. Vi har ikkje reell likestilling før vi har økonomisk likestilling.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags