2000 unge i alderen 20–29 står utanfor

LYS FRAMTID? Mange har problem med å komme seg ut i arbeidslivet. 2000 personar i alderen 20-29 år i Sogn og Fjordane står er ikkje i arbeid eller utdanningsløp. Mange har lyst til å legge tåkedisen bak seg, og komme seg inn igjen i jobb og bli sett. Illustrasjonsfoto

LYS FRAMTID? Mange har problem med å komme seg ut i arbeidslivet. 2000 personar i alderen 20-29 år i Sogn og Fjordane står er ikkje i arbeid eller utdanningsløp. Mange har lyst til å legge tåkedisen bak seg, og komme seg inn igjen i jobb og bli sett. Illustrasjonsfoto Foto:

Av
DEL

LesarbrevNæringslivsleiarar og politikarar i Sunnfjord er uroa. «Utan folketalsvekst, kompetente arbeidstakarar og nok varme hender i helsevesenet, vil vi slite», skreiv Firda etter eit møte i regi av Sunnfjord Utvikling og PwC i slutten av mars.

Eg er uroa over noko anna. Eg er uroa over at det i Sogn og Fjordane er kring 2000 personar i aldersgruppa 20–29 år som verken er i arbeid eller utdanningsløp.

2000 unge personar! Mange av dei kompetente, og ikkje minst motiverte, men dei slit med å få sjansen til å prøve seg i arbeidslivet. Det er heilt nødvendig at vi klarar å få fleire av dei som står utanfor inn igjen. Inn i utdanning eller inn i jobb. Klarar vi å inkludere mange av desse, vil det dekke opp for litt av uroa som næringslivet har.

Årsakene til at unge hamnar utanfor er samansett. Fleire mister motivasjonen for utdanning alt i grunnskulen. Andre vert skuleleie på vidaregåande, eller på høgskule. Nokre slit med å skaffe seg læreplass i det yrket ein ønsker. Andre vil prøve seg i arbeidslivet, utan å lukkast. Ein del av desse har i tillegg helseutfordringar, det vere seg fysisk og/eller psykiske plager. Ein ser at fleire slit med forventningspress om at dei skal lukkast på alle arenaer, og det er fleire som møter veggen under eit utdanningsløp.

Yngve Årdal

Yngve Årdal Foto:

Uavhengig av årsak så må vi finne løysingar og hjelpe til for å få flest mogeleg gjennom utdanning og ut i arbeidslivet.

Skal Norge også i framtida tilby gode velferdsgode, må flest mogeleg vere i jobb. Det er viktig for samfunnet, det er viktig for næringslivet, og ikkje minst er det viktig for kvart enkelt menneske.

Utdanningssektor, helsesektor og NAV må vere samkøyrde framover. Korleis skal vi nytte styrken i dei ulike sektorane til å få til ei koordinert og gjennomtenkt hjelp, så tidleg som mogeleg, slik at ein hindrar at folk hamnar utanfor jobb eller utdanning? Store spørsmål, men viktige spørsmål, som det må finnast svar på.

Eit tiltak som er etablert er eit samarbeidsprosjekt mellom Helse Førde og NAV, der ein skal hjelpe menneske med psykiske og/eller rusutfordringar til å kome ut i ordinært arbeid. Parallelt som ein går til behandling på ei psykiatrisk avdeling, vert det kopla på ein jobbspesialist som skal hjelpe jobbkandidaten med karriererettleiing og yrkesprofil, samt kontakte aktuelle arbeidsgjevarar om mogelegheitene for arbeid. Vidare skal jobbspesialist følgje opp jobbkandidaten i jobb, og vere ein ressursperson for både arbeidsgjevar og jobbkandidat over lang tid dersom det er behov for det.

Tilbodet vart etablert i Nordfjord i 2016, Indre Sogn har hatt tilbodet sidan 2018, medan det er nystarta i Sunnfjord og Ytre Sogn no i 2019. Resultata frå Nordfjord og Indre Sogn har vore oppløftande, og mange har fått ein ny sjanse i arbeidslivet. Vi som arbeider i prosjektet i Sunnfjord og Ytre Sogn håper å hjelpe mange også i denne delen av fylket.

I prosjektet skal vi arbeide med personar som har utfordringar med psykisk helse eller rus. Behandling har gjort dei betre, og dei ønsker seg inn igjen i jobb. For mange er det ikkje aktuelt å starte i noko 100 % stilling. Men mange er motiverte for igjen å kunne gå ut i arbeidslivet. Vi har også fleire som har fått innvilga uføretrygd, men som no igjen har arbeidskapasitet og har lyst til å bidra igjen. Slike initiativ bør vi applaudere. Men også i dette prosjektet finn vi veldig mange unge personar, som vi er nøydde til å finne framtidsretta løysingar for.

Det å kunne møte på ein arbeidsplass, treffe andre nokre timar eller dagar i veka, vil for mange vere fantastisk. For det kan vere krevjande ikkje ha eit arbeid å gå til. Det å kunne arbeide, vil for veldig mange vere god behandling. Då kan ein bevise at ein faktisk duger, ein betyr noko, ein bidreg med noko, og ein kan tene sine eigne pengar på lik linje med andre. Det gjer noko med sjølvkjensla.

Skal dette prosjektet lukkast er vi avhengige av at næringslivet tek positivt mot oss. Vi er avhengige av at arbeidsgjevarar torer å tenke alternativt ved rekruttering.

For å bruke ein idrettsmetafor; Vi har ein innbytarbenk full av kompetente personar. Men vi treng trenarar som går føre og torer å gje nye ein sjanse. Mange vil trenge rettleiing i starten, men har ein gode lagspelarar med seg vil resultatet bli bra. Dette krev leiarskap. Vi har fleire slike leiarar som er med og tenker slik, men skal vi lukkast treng vi endå fleire.

Det er viktig at vi ser mogelegheitene i dei menneska som er rundt oss. Ein treng ikkje ein bachelor- eller mastergrad for å bli definert som ein kompetent medarbeidar. Eg håper vi kan få næringslivet med på å inkludere fleire av dei som er hamna utanfor – for dei fortener det.

FAKTA:

Jobbstøtte Sunnfjord og Ytre Sogn. Er eit tett samarbeid mellom NAV og Helse Førde. Målet er å hjelpe menneske med psykiske helseproblem, og eventuelle rusproblem, ut i ordinært, lønna arbeid. Jobbspesialistane vil følgje opp arbeidssøkarar og arbeidsgjevarar tett over tid.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags