Fagforbundet vil streike for å hindre pensjonssvik i sjukehusa

Medan alle kommunetilsette tener opp pensjon frå første dag på jobben og frå første krone dei tener,  får ikkje alle tilsette i sjukehusa ta del i den ordninga, skriv artikkelforfattarane. Dette er eitt av problemområda i meklinga der fristen går ut ved midnatt tysdag.

Medan alle kommunetilsette tener opp pensjon frå første dag på jobben og frå første krone dei tener,  får ikkje alle tilsette i sjukehusa ta del i den ordninga, skriv artikkelforfattarane. Dette er eitt av problemområda i meklinga der fristen går ut ved midnatt tysdag. Foto:

Av
DEL

Meiningar
Arbeidsgjevarorganisasjonen Spekter unner ikkje slitarane i små stillingar i sjukehusa ein verdig alderdom når dei nektar dei pensjonsopptening frå første krone.

Offentleg tenestepensjon er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, ordninga gir tryggheit den dagen du går av med pensjon, om du skulle bli ufør og gir familien økonomisk tryggheit om du skulle falle frå. Medan alle kommunetilsette tener opp pensjon frå første dag på jobben og frå første krone dei tener, får ikkje alle tilsette i sjukehusa ta del i den ordninga. Det er berre dei som er tilsett i 20 prosent stilling eller meir, som vert meldt inn i sjukehusa si pensjonsordning.

Tilsette i stillingar under 20 prosent utgjere om lag 1,1 prosent av den totale lønna til tilsette i sjukehusa. Per 1. november 2018 hadde om lag 10.000 arbeidstakarar under 20 prosent stilling.
Dei som jobbar under 20 prosent stilling vert ikkje meldt inn pensjonsordninga og mister derfor både opptening til alderspensjon, uførepensjon og etterlatnepensjon. Årsaka er at Spekter meiner at tilsette i små stillingar ikkje skal ha same pensjonsrettar som andre tilsette.

For Fagforbundet er kravet om pensjon frå første krone ufråvikeleg.
Ein eventuell streik vil omfatte medlemmer i Fagforbundet, Fellesorganisasjonen, Creo og El og It Forbundet i LO, Delta og Parat i YS. Dei vil gå til streik for pensjon frå første krone. Dei har tatt ut medlemmer ved ei rekke sjukehus landet rundt og blir dei ikkje einige i meklinga 27. og 28. mai, blir det streik frå og med onsdag 29. mai. Meklingsfristen er midnatt tysdag 28. mai.

Gruppene som ikkje får pensjonsopptening i små stillingar omfattar blant anna ambulansearbeidarar, helsefagarbeidarar, teknisk administrativt personale, vernepleiarar, studentar og tilsette utan formell kompetanse, for å nemne nokre. Dei høyrer til dei lågast løna gruppene i sjukehusa.

75 prosent av de tilsette i stillingar under 20 prosent er kvinner, og mange av dei er unge.
Kravet om opptening av pensjon frå første arbeida time og første tente krone er både eit spørsmål om likebehandling av deltidstilsette, og et likestillingskrav. Dagens ordning med ei minstegrense for opptening er diskriminerande. Det kunne vore unngått om den nedre grensa for innmelding i pensjonsordninga vart fjerna.

Kravet om pensjon frå første krone og første arbeida time er ikkje nytt. Dette er gjeldande avtale i kommunesektoren og har vore det i fleire år. Fram til 2013 måtte ein i heile offentleg sektor jobbe minst 14 timar i veka (37,33 %) for å bli innmeldt i tenestepensjonsordninga. I 2013 slo arbeidsretten fast at ordninga var diskriminerande. Ved neste tariffrevisjon blei dette fjerna frå tariffavtalen i KS og sidan den gang har dei kommunetilsette tent opp pensjon frå første arbeida time og første tente krone.

For et par år sidan valde arbeidsgjevarforeininga Spekter einsidig å sette ned grensa for å bli innmeldt frå 37,33 prosent til 20 prosent. Det hadde dei ikkje anledning til å gjere utan einigheit med arbeidstakarorganisasjonane, og Spekter vart dømt for det i arbeidsretten.

Sjukehusa høyrde tidlegare til kommunesektoren og Fagforbundet meiner det einaste rette er at dei tilsette i sjukehusa får same pensjonsopptening som sine kollegaer i kommunen.




Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags