Aps Barth Eide og Høgre-regjeringa sin vindkraftpolitikk

Einar Rysjedal, leiar i Raudt Høyanger.

Einar Rysjedal, leiar i Raudt Høyanger. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Vil toppleiinga i Arbeidarpartiet (Ap) kome vindkraftselskapa til unnsetning og provosere fram meir vindkraftutbygging? Spørsmålet er relevant sia Espen Barth Eide (Ap) sa følgjande: «Det er utrolig hvor mye vakrere et vindkraftverk blir hvis det skattlegges ordentlig» (til Klassekampen, 10. juli).

Faren er at auka skattlegging av vindkraftselskapa, kan kjøpe kommunar og ordførarar som tidlegare har vore bastante mot vindkraftutbygging. Ein skakkøyrt kommuneøkonomi og seinverknadar av korona’n, kan gjere Barth Eide sitt agn til ein alvorleg trussel. Vi kan bli ramma av vindkraft der vi elles har hatt ein samla lokal motstand.

Sterk motstand frå innbyggjarar, organisasjonar og kommunestyra i område som er trua av vindkraftplanar, har gitt konsekvensar. Høgre-regjeringa har med sine tre ansikt fått fram ei stortingsmelding om vindkraft.

Enkelte framstiller høgrepartia si melding slik at sentrale myndigheiter no vil bremse den galopperande vindkraftutbygginga. Det er ikkje tilfelle. Meldinga legg stort sett opp til å blankpolere vindbaronane sine planar for å avvæpne den godt grunngitte motstanden.

Meldinga foreslår verken kommunalt veto eller noko som kan likne på at kommunane skal få det avgjerande ordet. Vindkraftutbygginga skal framleis ikkje gjerast i samsvar med plan- og bygningslova slik all anna arealutnytting blir.

Heile meldinga er sterkt prega av at det framleis skal byggjast ut mykje vindkraft. Det er ein trussel som framleis heng over vår kommune; både i Høyanger-fjella sine austlege område og fjella vestover mot Vadheim og i fjellområda frå Vadheim og vestover til grensa mot Hyllestad kommune.

Med eller utan Barth Eide sin redningsplanke for vindbaronane; den lokale motstanden må oppretthaldast, vedlikehaldast og styrkast. Det er nødvendig fordi natur, miljø og allemannsretten fortener det.

Det er også nødvendig fordi eit auka kraftoverskot betyr meir krafteksport, og dermed auka straumprisar og nettleige. Dette er ein alvorleg trussel mot arbeidsplassane, særleg i den kraftkrevjande industrien. Det vil også slå ut i økonomien til folk flest, særleg dei vanskelegstilte.

Dersom Espen Barth Eide sin redningsplanke utløyser meir vindkraftutbygging, kan den bety ein ytterlegare auke i klasseforskjellar. Det har vi fått nok av med høgreregjeringa.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags